Premiering Fjelltrimmen 2019
Postet av Syvde IL den 9. Nov 2019
15 sprekingar, og to bikkjer deltok under kåringa av årets Fjellgeit og Fjellbukk på ein kveldstur til Lisjerøfsdalen tysdag 12. november. Vi kokte kaffi på bålet ved murane til Urhellom. Det var ein fin kveld på fjellet med vindstille og eit par kuldegrader. Folk kosa seg med kaffi, medbrakt niste og hyggelig prat.
Frå venstre: Anna Kristin Øvregård Thue, Karoline Lundås, Frode Myrvoll, Hanna Torvanger.
Frode Myrvoll tok sin andre Fjellbukk- tittel (2017) med 433 poeng. Av idrettslaget sine medlemar har han flest besøk på Trygesteinen, Høgenipa og Blåfelden. Med 21 turar på Høgenipa er det tydelig kva som er Frode sitt favortittfjell.
Karoline Lundås overtok Fjellgeittrona etter mangeårig Fjellgeit Sølvi Midtbø. Ho enda på 388 poeng og favorittområde er Røfsdalen med Lisjeblæja på topp. Ho har vore ein gong i veka i Lisjerøfsdalen, og av medlemane har ho også flest turar til Ulvenakken og Blæja.
Anna Kristin Øvregård Thue vart Junior Fjellgeit for sjette gong!!! ( 2010- 2014- 2015- 2017- 2018) William Eikrem Nordmark vart Junior Fjellbukk for andre gong (2018). Dei har begge besøkt alle postane. Hanna Torvanger vart Junior Fjellgeit for fyrste gong med 142 poeng.
Karoline Lundås vart den heldige vinnaren av COOP hotelkupp! Ein gratis hotellweekend for to, sponsa av COOP Marked Syvde og Syvde Idrettslag.
28 personar har besøkt alle postane iløpet av sesongen, av desse er 23 medlemmar i idrettslaget:
Myrvoll Frode, Lundås Karoline, Eikrem Terje, Brudevoll Knut, Eikrem Gunnar, Lade Kåre Einar, Midtbø Sølvi, Nordal John, Midtbø Atle, Sørdal Tone Drage, Nordmark William Eikrem, Thue Bernt L. Nygård Aud Oddveig, Nordal Oddveig, Torvanger Janne Kristin, Arnesen Nina, Midtbø Evelyn, Nygård Kåre, Thue Anna Kristin Ø, Lade Elin, Klungre John Willy, Eikrem Odd Bjarne, Vik Kirsten Våg.
Her er lista over flest besøk på postane:
Ulvenakken: Karoline Lundås, 7
Trygesteinen: Frode Myrvoll, 21
Høgenipa: Frode Myrvoll, 21
Myrkevasstinden: Terje Eikrem, 6
Sandfjelltua: Terje Eikrem, 21
Blæja: Karoline Lundås, 4
Lisjeblæja: Karoline Lundås, 18
Lisjerøfsdalen: Karoline Lundås, 52
Vassdalsbu: Åge Sørdal, 29
Bjørnen: Åge Sørdal, 20
Blåfelden: Frode Myrvoll, 11
Skåranipa: Terje Eikrem, Mathilde Torvanger, 2
POST | ANTALL |
Lisjerøfsdalen | 419 |
Vassdalsbu | 378 |
Trygesteinen | 364 |
Blåfelden | 282 |
Blæja | 258 |
Sandfjelltua | 244 |
Høgenipa | 235 |
Bjørnen | 230 |
Lisjeblæja | 224 |
Ulvenakken | 136 |
Myrkevasstinden | 132 |
Skåranipa | 101 |
3003 |
Her finn du komplett resultatliste over alle medlemar i Syvde Idrettslag som har delteke i Fjelltrimmen 2019:
Fjelltrimmen med ny trimpost
Postet av Syvde IL den 20. Sep 2019
Ny sesong og ny trimpost og nytt registreringssystem.
Sesongen 2018- 2019 i Fjelltrimmen går mot slutten. 30 september vert bøkene bytta og skal du gjere ein innspurt må du hive deg rundt no. Skal du vere med i konkurransen om bl. a. gratis hotellweekend må du sjekke at du har hugsa å betale medlemskontingenten!
1. oktober starter ein ny sesong og som dei dei fleste no har fått med seg, tek vi ibruk GEOREG sitt registreringssystem. Du finn fyldig brukerveiledning her: Bruksanvisning Georeg.pdf
Skal du besøke alle postane eller bruke Fjelltrimmen aktivt oppfordrar vi deg til å ta ibruk GEOREG. Det vil forenkle arbeidet for oss som skal telje registreringane og derfor sparer oss for mykje tid. På tre av postane vil du oppleve at registreringa ikkje "går ut" på grunn av manglande dekning. Det er i Lisjerøfsdalen- Vassdalsbu og av og til på Trygesteinen. Dette får du beskjed om på skjermen, men so snart du har dekning på telefonen vert besøket registrert. Oversikt over alle postane finn du her: http://syvdeil.no/p/15080/postar-fjelltrimmen
1.oktober 2019 vert det ny trimpost på eit av dei finaste utsiktspunkta i Syvde, Vikehornet 709 moh. Samstundes legg vi ned trimposten på Skåranipa. Turen ut til Vikehornet startar frå parkeringsplassen på Røfsdalsætra og opp Tåbrotet. Det er også muleg å gå opp anleggsvegen til Helgåa kraftverk. Ny rås og merking vil kome på plass seinare. Vi håper mange vil ta turen ut til Vikehornet og nyte den fine utsikta over Syvde.
Spreke Birkebeinera frå Syvde IL
Postet av Syvde IL den 3. Sep 2019
Årets Birkebeiner 2019: Frå v. Gunnar Eikrem, Kåre Nygård, Aud Oddveig Nygård og Johan Andre Eikrem.
God deltaking frå Syvde Idrettslag under Birkebeinerrittet 2019, der det vart meldt om vått og sugande underlag. 9 stk fullførte det 86 km lange rittet, som dei alle har delteke i fleire gonger. 4 stk. vart kåra som Årets Birkebeinar!! Dvs dei har delteke i Birkebeinerrennet- Birkebeinerløpet og Birkebeinerrittet same år. Vi gratulerer dei med flott innsats!!
Løpet gikk heller ikkje utan dramatikk for fleire av "våre" rytterar. Aud var uheldig på Skramstadsetra (første matstasjon) der en sykklist i «matkøa» plutselig stoppa, og Aud som då hadde fått et drikkebeger i høgre handa i refleks bremsa med venstre bremsehendel som då gjekk over i ei «kollbøtte». Mest «bank» fekk venstre side med kne, ribbein, skulder og venstre del av ansikt/ hode (hjelmen er kassert). Ho kom seg på sykkelen men oppdaga etter litt at styret var 30 grader skeivt. Ho fekk først hjelp av en support gjeng frå Foss Sykkel, men måtte ha ei ekstra justering på Bringbu. Ho klarte likevel å gjennomføre rittet.
Oddbjørg stoppa for å hjelpe ei dame som hadde velta, ho mista dyrbar tid og kom i mål to minutt for seint til å ta merket. I ettertid har arrangøren sett på hendinga og dei oppfordrar deltakarar til å hjelpe andre som får problem underveis, utan at dei skal miste tid. Dei har beregna ny tid på Oddbjørg som er 4.28.22. Det betyr at ho klarte merket, og ikkje nok med det, ho fekk gullmerke for å ha teke merket 5 gongar!! Vi gratulerer Oddbjørg med innsatsen!!
Terje hekta i hop med sidemannen i ein nedoverbakke og i forsøket med å kome seg fri vart han påkøyrd bakfrå. Resultatet vart store skrubbsår på høgre arm og sprekk i hjelmen.
John, Gunnar, Kåre, Aud, Steinar, Johan Andre, Oddbjørg.
Terje, Steinar, Arild og Oddbjørg.
Blåfelden Rett Opp 2019 med ny løyperekord.
Postet av Syvde IL den 10. Jun 2019
Fin sommardag 8. juni på Blåfelden Rett Opp 2019 med god deltaking,både i mosjon ( 163 ) og konkurranse (60). Johanna Åstrøm, Dynafit imponerte alle med ny løperekord på 42:51 og kom på andre plass totalt. Andreas Skylstad, Norangsdal IL knuste alle konkurrentar med 40:02.
Glade vinnerar av Blåfelden Rett Opp 2019. Foto John Willy Klungre.
Johanna Åstrøm, Dynafit frå Sverige får her det synlige beviset på ny løyperekord av Blåfeldgeneral Atle Midtbø. Foto Sølvi Midtbø.
RESULTATER BLÅFELDEN RETT OPP 2019:
Resultat Blåfelden Rett Opp 2019 Klasse.pdf
Resultat Blåfelden Rett Opp 2019 kvinner og menn.pdf
Resultat Blåfelden Rett Opp 2019 samla resultat..pdf
smp.no skriver på si nettside:
Fjorårsvinnaren Johanna Åström frå Dynafit og Sverige var den som imponerte mest av alle i den ellevte utgåva av Blåfelden Rett Opp. Med tida 42.51 sette ho både løyperekord og kom i mål før 49 av 50 menn i det fine sommarvêret. May Britt Buer hadde den gamle rekorden med 43.50 som vart sett i 2014 under svært gode forhold, så ei rekordforbetring med eit knapt minutt er sterkt.
Merete Helgheim og Therese Sjursen. Foto: Fredrik Midtbø
Therese Sjursen frå BFG Bergen Løpeklubb som har fullført på 45.55 tidlegare, kom på andreplass med 50.16. Ho var ikkje fornøgd med sluttida, og meinte at høg temperatur var det største problemet for henne. Merete Helgheim frå Førde IL – friidrett som har vunne Blåfelden Rett Opp flest gonger, og også delteke i 9 av 11 løp vart nummer 3 med 51.31. Ho har si bestetid frå 2014 med 46.18.
Andreas Skylstad frå Norangdal IL vann klassen for menn på tida 40.02. Det er 25 sekund betre enn tida han fekk andreplass med i 2018 etter Thorbjørn Ludvigsen frå Varegg som då sette løyperekord med 35.48. Nøyaktig 3 minutt bak Andreas Skylstad kom vinnaren frå 2016, Sigve Fredrik Høydahl, frå Bærums Verk inn til andreplass. Nummer 3 av mennene vart Sverre Nesdal Aske frå Fjellhug Vereide IL med tida 43.20.
Nr 1 og ny løyperord Johanna Åstrøm, nr. 2 Therese Sjursen, nr. 3 Merete Helgheim
Lagkonkurransen 2019, Nr. 1 Røverane, nr. 2 Team Pjask, nr. 3 Vanylven FK G16
Team Blåfelden på veg til toppen i morgontimane med tidtakerutstyret. Foto Atle Midtbø
Temperaturen i år var ikkje fullt så høg som i fjor, og løparane var og fornøgd med ein tørr og fin løpstrase. Blåfeldgeneral Atle Midtbø frå arrangørklubben Syvde IL seier seg godt nøgd med 2019 utgåva av Blåfelden Rett Opp. Grunna flytting av løpet frå første til andre helga i juni vart det diverre kollisjon med andre løpsarrangement, og ifølgje Midtbø er nok det grunnen til at det i år vart litt færre deltakarar enn i rekordåret 2018.
1 Kommentar
Sparebanken Møre Motbakkecup 2019
Postet av Syvde IL den 5. Mai 2019
Sparebanken Møre MotbakkeCup 2019
Følgende løp er med i Cupen:
Dato Arrangement Klubb
25.mai Motbakkeløp Moltustranda
26.mai Storhornet497 Valder
01.jun Halsa Opp Halsa
08.jun Blåfelden Rett Opp Syvde
06.jul Alle på Sandfjellet Tresfjord
03.aug Saudehornet Ørsta
10.aug Klauva Opp Måndalen
24.aug Stornebba Opp Vistdal
31.aug Nesaksla Opp Åndalsnes
21.sep Freikollen opp Norodd
26.sep Varden Opp MOI
Klasseinndeling:
Menn/Kvinner U20 - Senior (20 år og eldre) menn og kvinner
Antall løp/premiering:
11 løp i cupen i 2019. Må delta i minimum 4 løp – 6 beste av 11 løp teller i
sammendraget.
Meir info finn du her: Sparebanken Møre Motbakkecup 2019.pdf
EQ timing på Blåfelden
Postet av Syvde IL den 28. Apr 2019
Laurdag fekk vi besøk frå EQ timing, leverandøren av det nye tidtakingsystemet som skal brukast på Blåfelden Rett Opp og Stadlandet Rett Vest. Nøkkelpersonar i begge idrettslaga vart kursa i bruken av systemet. Det var fokus bl. a. på korleis sette opp eit arrangement via EQ timing si nettside. Korleis påmeldinga fungerer og korleis hente ut resultat. Når desse detaljane er på plass er det lite arbeid på arrangøren. Løperar melder seg på via EQ timing si nettside. Der får dei tildelt startnummer, der vert betalinga utført og lisens innkrevd. Arrangøren hentar startlista på løpsdagen og deler ut startnummer. I startnummeret er ei brikke som vert registrert når løperane passerer antennene i målområdet. Tidspunktet vert sendt til EQ timing sin server fortløpande, og publikum som har nettilgong kan fylgje med på målpasseringane live.
Utstyret vart også kobla opp slik at vi fekk sjå korleis det fungerer i praksis.
Frå v: Ingar Bjørnø- EQ timing, Lars-Helge Honningsvåg, Stad.IL, Bjørn-Erik Drage, Syvde IL, Stig Arild Reksnes, Stad.IL, Kåre Nygård, Syvde IL, Per-Magne Sørdal, Syvde IL. Foto: Atle Midtbø
Frå h: Merete Vatne, Syvde IL, Ole Jørgen Strand, Syvde IL, Kristin Sudmann, Stad.IL, Morten Larsen, Stad.IL, Siv Monja Sjåstad, Stad.IL, Knut Brudevoll, Syvde IL. Foto: Atle Midtbø
Som arrangørar av motbakkeløp har styra i Stadlandet IL og Syvde IL lenge vurdert løysingar som kan vere arbeidsbesparande. Når vi vart klar over at begge var på jakt etter same løysing var samarbeid eit faktum. Vi kjøpte EQ timing sitt MiniTrack system, som er vel utprøvd og dei er den største leverandøren i landet.
Styret og nemder 2019
Postet av Syvde IL den 10. Feb 2019
SYVDE IDRETTSLAG 2019
Leiar | Atle Midtbø | 97114208 | syvding@online.no | |
Nestleiar | Karoline Lundås | 90870942 | karoline.lundaas@outlook.com | |
Kasserar | Merete Vatne | 40639987 | merete_vatne@hotmail.com | |
Styremedlem | Ole Jørgen Strand | 97098940 | ole_j_strand@hotmail.com | |
Styremedlem | Bjørn Erik Drage | 48146988 | bedragr@gmail.com | |
Vara 1 | Monika Skår | 45475538 | bjorn.skaar@mimer.no | |
Vara 2 | Eivind Lars Øvregård | 95144022 | eivindlars@yahoo.no | |
DRIFTSSTYRE ØVERBERG SKISENTER | ||||
Leiar | Arild Midtbø | 95021400 | arild.midtbo@hotmail.no | |
Bjørn Skår | 90866572 | bjorn.skaar@mimer.no | ||
Rolf Åge Sørdal | 90798345 | rolfage85@yahoo.no | ||
Andre Sandnes | 99223091 | andre.sandnes@gmail.com | ||
Kåre Lade | 91738730 | ladekare@gmail.com | ||
TURGRUPPE | ||||
Leiar | Kåre Moen | 95024562 | kmook@online.no | |
Eivind Breiteig | 91852799 | eivbreit@hotmail.com | ||
Kåre Nygård | 47275126 | kaarenyg@gmail.com | ||
VALNEMD | ||||
Leiar | Magne Vik | 97147096 | magne69vik@gmail.com | |
Kurt Jarle Torvanger | 97609464 | kurttorvanger@hotmail.com | ||
Torfinn Arnesen | 95995450 | torfinn.arnesen@gmail.com | ||
REVISOR | ||||
Steinar Arne Nordal | 41323069 | san@tussa.com | ||
Geir Nordal | 48246325 | geir.helge@tussa.com | ||
uteTRENing med puls | ||||
Sara Larsson | 48259605 | sara.larsson906@gmail.com | ||
Leiar | Siv N. Vik | 91891815 | siv.vik@comfort.as | |
HERRETRIM | ||||
Leiar | Atle Midtbø | 97114208 | syvding@online.no | |
Sigurd Asklund | 91595972 | asklun@gmail.com | ||
Leiar | Sigurd N.Eikrem | 99555407 | ||
SYKKEL | ||||
Leiar | Steinar Arne Nordal | 41323069 | ||
John Nordal | 95169710 | |||
Oddveig Nordal | 90941775 |
Styret og nemder 2019
Postet av Syvde IL den 10. Feb 2019
SYVDE IDRETTSLAG 2019
Leiar | Atle Midtbø | 97114208 | syvding@online.no | |
Nestleiar | Karoline Lundås | 90870942 | karoline.lundaas@outlook.com | |
Kasserar | Merete Vatne | 40639987 | merete_vatne@hotmail.com | |
Styremedlem | Ole Jørgen Strand | 97098940 | ole_j_strand@hotmail.com | |
Styremedlem | Bjørn Erik Drage | 48146988 | ||
Vara 1 | Monika Skår | 45475538 | bjorn.skaar@mimer.no | |
Vara 2 | Eivind Lars Øvregård | 95144022 | eivindlars@yahoo.no | |
DRIFTSSTYRE ØVERBERG SKISENTER | ||||
Leiar | Arild Midtbø | 95021400 | arild.midtbo@hotmail.no | |
Bjørn Skår | 90866572 | bjorn.skaar@mimer.no | ||
Rolf Åge Sørdal | 90798345 | rolfage85@yahoo.no | ||
Andre Sandnes | 99223091 | andre.sandnes@gmail.com | ||
Kåre Lade | 91738730 | ladekare@gmail.com | ||
TURGRUPPE | ||||
Leiar | Kåre Moen | 95024562 | kmook@online.no | |
Eivind Breiteig | 91852799 | eivbreit@hotmail.com | ||
Kåre Nygård | 47275126 | kaarenyg@gmail.com | ||
VALNEMD | ||||
Leiar | Magne Vik | 97147096 | magne69vik@gmail.com | |
Kurt Jarle Torvanger | 97609464 | kurttorvanger@hotmail.com | ||
Torfinn Arnesen | 95995450 | torfinn.arnesen@gmail.com | ||
REVISOR | ||||
Steinar Arne Nordal | 41323069 | san@tussa.com | ||
Geir Nordal | 48246325 | geir.helge@tussa.com | ||
uteTRENing med puls | ||||
Sara Larsson | 48259605 | sara.larsson906@gmail.com | ||
Leiar | Siv N. Vik | 91891815 | siv.vik@comfort.as | |
HERRETRIM | ||||
Leiar | Atle Midtbø | 97114208 | syvding@online.no | |
Sigurd Asklund | 91595972 | asklun@gmail.com | ||
Leiar | Sigurd N.Eikrem | 99555407 | ||
SYKKEL | ||||
Leiar | Steinar Arne Nordal | 41323069 | ||
John Nordal | 95169710 | |||
Oddveig Nordal | 90941775 |
Blåfelden Rett Opp 2019
Postet av Syvde IL den 20. Jan 2019
Thomas Alsgaard, Kristen Skjeldal og Frode Estil under Blåfelden Rett Opp 2018. Foto: John Willy Klungre.
Vi kan ikkje garantere at du treffer desse idrettsheltane på Blåfelden til sommaren, men vi kan garantere god stemning langs løypa og i målområdet. Vi kan også garantere at løypa er like bratt og tung som før og at det følest fantastisk godt når toppen er nådd og du kan legge din utslitne kropp i lyngen og puste ut. Vi i Syvde Idrettslag gler oss til å treffe tidlegare og nye deltakarar under årets Blåfelden Rett Opp som vert arr. den 8. juni 2019.
Som vanleg har vi Lagkonkurranse i tillegg til dame og herreklasse. I lagkonkurransen er det stor rift om pokalane i herreklassen, men i dameklassen er det vesentlig mindre oppslutning . Derfor oppfordrar vi spesielt damer til å melde seg på i Lagkonkurransen.
Årsmøte Syvde Idrettslag
Postet av Syvde IL den 16. Jan 2019
Det vert med dette kalla inn til årsmøte i Syvde Idrettslag onsdag 6. februar kl. 19.30 på kantina Syvde Samfunnshus. Det vert vanlege årsmøtesaker og valnemda legg fram sitt forslag på årsmøtet. Har du ei sak eller noko du brenn for som du vil diskutere med årsmøtet, må du ta kontakt med styret i god tid før møtet.
Vel møtt!
Styret
VIL DU BLI MED PÅ SYVDE IL IDRETTSSKULE?
Postet av Syvde IL den 10. Jan 2019
Kva er Syvde IL idrettsskule?
Idrettsskule for barn er eit variert aktivitetstilbod kor barn får prøve fleire ulike idretter i fleire miljøer, for eksempel i sal, i skogen, på snø, på is eller i vatn. Vi vil forsøke å være innom forskjellig type idrettsgrener gjennom sesongen; friidrett, fotball, håndball, turn, dans, sykling, ski, aking, fjellturer og evt. bading etc.
Vi legg vekt på å utvikle ein god grunnmotorikk gjennom leik og aktivitetar tilpassast barnets utviklingsnivå.
NB: Vil vil være i gamlegymsalen på Myklebust skule på tysdagar fra 17.15 – 19.30.
1.-3.klasse vil der være fra 17.15 – 18.15
4.-7.klasse vel der være fra 18.30 – 19.30
Husk innesko og drikkeflaske! Og selvfølgelig et godt smil for her skal det bli moro!
Ta kontakt for påmelding og eventuelt meir informasjon til:
- Hilde Kristin Herskedal
Tlf: 988 77 164
- Gry Takset
Tlf: 900 53 464
Medlemskontingent og annen informasjon om Syvde IL på hjemmesida: http://syvdeil.no/
Godt Nytt treningsår!
Postet av Syvde IL den 1. Jan 2019
Mange har sikkert bestemt seg for at NO skal eg ta tak i den dårlege forma mi og gjer noko med den. Då skal du vite at Syvde Idrettslag har eit godt treningsopplegg igong, og akkurat no har vi eit introduksjonstilbod ut januar månad. Treningane våre er for medlemar i idrettslaget, men ut januar kan du kome og vere med heilt gratis og vurdere om dette er noko for deg.
- Vi har intervalltrening mandag kl 19.30, for kvinner og menn. kontakt sms 995 55 407
- uteTRENING med puls, tirsdag kl. 19.00. styrke og kjernetrening for kvinner. kontakt sms 971 01 208
- Vi har styrke og kjernetrening for menn onsdag kl. 19.30. kontakt sms 971 14 208
Dette kan du ikkje seie nei til!!