Om løypa:
Løypa sitt høgaste punkt: 842 m.o.h. Løypelengde 4200 m.
Løpet startar ved COOP Prix i sentrum av Syvde. Dei fyrste 800 meterane går på asfalt, før løypa stig bratt opp frå Hardbakkane. Opp bjørkaskogen i Remen er løypa bratt og i skogkanten ligg fyrste drikkestasjonen på 323 m.o.h. Når du er forbi skogen går løypa i gras og lyngmark og underlaget er tørt, løypa fortsetter opp Skålarabben til Eggja. På Skålarabben litt drikkestasjon 2 på 600 m.o.h. Etter drikkestasjon 2 går løypa i eit parti med steinur og her er løypa på det brattaste. Løypa går langs Eggja og for enkelte kan nokre parti følast litt luftig. Frå Eggja stig løypa ei bratt kneik opp på platået til løypas høgaste punkt, Svartetua 842 m.o.h. Frå Svartetua er det nedoverbakke med eit lite parti ur, som går over til fast fjellgrunn med lyng/ grasmark før løypa stig slakt mot mål på Blåfelden 820 m.o.h.
Om våren kan det vere farlege snøskavlar langs eggja og på Blåfelden. Det er livsfarleg å bevege seg ut på skavlane og vi ber om at deltakarane respekterer sperringane og rettar seg etter oppfordringane frå arrangøren. Bevegar du deg utanfor sperringane skjer det på eige ansvar!