Fjelltrimmen med ny trimpost
Postet av Syvde IL den 20. Sep 2019
Ny sesong og ny trimpost og nytt registreringssystem.
Sesongen 2018- 2019 i Fjelltrimmen går mot slutten. 30 september vert bøkene bytta og skal du gjere ein innspurt må du hive deg rundt no. Skal du vere med i konkurransen om bl. a. gratis hotellweekend må du sjekke at du har hugsa å betale medlemskontingenten!
1. oktober starter ein ny sesong og som dei dei fleste no har fått med seg, tek vi ibruk GEOREG sitt registreringssystem. Du finn fyldig brukerveiledning her: Bruksanvisning Georeg.pdf
Skal du besøke alle postane eller bruke Fjelltrimmen aktivt oppfordrar vi deg til å ta ibruk GEOREG. Det vil forenkle arbeidet for oss som skal telje registreringane og derfor sparer oss for mykje tid. På tre av postane vil du oppleve at registreringa ikkje "går ut" på grunn av manglande dekning. Det er i Lisjerøfsdalen- Vassdalsbu og av og til på Trygesteinen. Dette får du beskjed om på skjermen, men so snart du har dekning på telefonen vert besøket registrert. Oversikt over alle postane finn du her: http://syvdeil.no/p/15080/postar-fjelltrimmen
1.oktober 2019 vert det ny trimpost på eit av dei finaste utsiktspunkta i Syvde, Vikehornet 709 moh. Samstundes legg vi ned trimposten på Skåranipa. Turen ut til Vikehornet startar frå parkeringsplassen på Røfsdalsætra og opp Tåbrotet. Det er også muleg å gå opp anleggsvegen til Helgåa kraftverk. Ny rås og merking vil kome på plass seinare. Vi håper mange vil ta turen ut til Vikehornet og nyte den fine utsikta over Syvde.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Syvde IL
Premieutdeling fjelltrimmen 2024
17.11.2024
Familiebading på onsdagar
27.10.2024
Steig og Orset vann Blåfelden 24.
03.06.2024
Årsmøte i Syvde IL 2024
03.03.2024
Blåfelden Rett Opp 2024
14.01.2024
Premieutdeling fjelltrimmen 2023
23.11.2023