Premieutdeling fjelltrimmen 2023

Postet av Syvde IL den 23. Nov 2023

I 2023 vart Ole Martin Brudevoll årets fjellbukk med totalt 1670 poeng og 129 turar gjennom sesongen. Årets fjellgeit vart Sølvi Midtbø med 1110 poeng og 70 turar. Dei har begge fått kvart sitt gåvekort på 1000,- hjå XXL. Årets junior fjellgeiter vart William Eikrem Nordmark med 210 poeng og Sofie Ervik Røys og Hans Olav Nordal. Dei har fått kvart sitt gavekort på 500,- hjå XXL. 

Ingvar Brekke vart den heldige vinnaren av Coop HotellKupp som vart trekt ut av dei som har besøkt alle dei tolv postane til idrettslaget. 


Vi gratulerer årets vinnarar og vil oppmode fleire om å registrere seg i fjelltrimmen. 


Her finn du resultatliste for fjelltrimmen 2023: 

Resultatliste fjelltrimmen 2023.pdf


Sofie Ervik Røys, Ole Martin Brudevoll og Hans Olav Nordal


William Eikrem Nordmark




Syvde IL arrangerer familebading på onsdagar

Postet av Syvde IL den 11. Okt 2023

1. pulje:

Onsdag kl. 17.30-18.30 for 0-11 år (born må ha følgje av vaksne)


2. pulje:

Onsdag kl. 18.30-19.30 for 12 år og eldre. 


Familiebading er eit tilbod til medlemmene i Syvde IL. Ansvarleg badevakt har oppsyn med at reglane for bruk av bassenget vert haldne. Vel møtt!


Her kan du melde deg inn i Syvde IL: https://syvdeil.no/register/apply/application


Fotograf: Lavi Perchik hos Unsplash




Ny sesong med fjelltrimmen!

Postet av Syvde IL den 2. Okt 2023

Den 1. september starta ny sesong av fjelltrimmen. Vi minner om at berre registreringar gjort av medlemar i Syvde IL gjennom Georeg vert registrert i fjelltrimmen. Alle postane vil framleis ha besøksbøker der ein kan skrive namnet sitt. Vi oppmodar også dei som registrerer seg i Georeg til å bruke desse bøkene. Når det gjeld junior opp til og med 15 år, vert framleis registrering i fjelltrimmen gjort med utgangspunkt i bøkene. 


Her finn du oversikt over alle postane i fjelltrimmen.


Er du usikker på korleis Georeg fungerer? Her finn du brukarrettleiing og hjelp til å kome i gong. 


God tur frå Syvde IL!





Takk for støtte!

Postet av Syvde IL den 26. Jul 2023

I 2023 har vi blant anna fått Drivkraft-tilskot frå Sparebank1 på kr. 10 000,-


Vi har også fått sponsormidlar frå Tussa på kr. 2000,- 



Skisenteret vert drive på dugnad av eldsjeler i idrettslaget, og vi set stor pris på bidrag til drift av trakkemaskina. Vil du gi ei støtte til løypekøyringa er vi takksame for alle bidrag. Betal til konto nr:  3972 20 19761 (merk innbetaling med løypestøtte)  eller VIPPS 16319




Ulekleiv og Solvang vann Blåfelden Rett Opp 2023

Postet av Syvde IL den 5. Jun 2023

Øystein Ulekleiv, Dombås IL og Monica Solvang, Ørsta IL tok ein soleklar siger under Blåfelden Rett Opp.


Øystein Ulekleiv sprang på tidene som Andreas Skylstad vann med i 2019 (40:02). Ulekleiv låg godt bak i starten, men i skogen byrja han å hale innpå og avstanden auka opp Remen og bortover Eggja. Han kom i mål på 39:39. og er soleis i ei eiga klasse ilag med bl.a. Thorbjørn Ludvigsen, Øyvind Heiberg Sundby, Kristen Skjeldal, Andres Aukland, Arve Rindal m.fl. som alle har tider under den magiske 40 minutters grensa.

Monica Solvang forbedra tida si ifrå 2022 med litt over eit minutt og passerte målstreken på 44:26 og nærmar seg no løyperekorden til Johanna Åstrøm 42:51 (2019)

Seierspallen kvinner: Nr.1 Monica Solvang 44:26 (i midten) Nr.2 Ingfrid Klokset (47) Tomrefjord IL og Nr.3 Solveig Uskedal (72) Uskedal IL.

Seierspallen menn: Nr.1 Øystein Ulekleiv 39:39, Nr.2 Andreas Skylstad, Norangdal IL, Nr.3 Aron Vonheim, Stårheim IL/ Eid motbakkelag. 

Vinnarlaget i lagkonkurransen Rusten Kondisteam som består av f.v. Steinar Lade, Bjørn Ove Aaland og Karl Idar Vik. Dei stakk av med den store pokalen, og den er i trygge hender sidan både Steinar og Karl Idar er født og oppvokst i Syvde.

Team Mjåvatn tok andre plassen i lagkonkurransen med Oskar Vik, (Syvde IL) Even Mjåvatn og Torstein Eivindstad.

Knekken motbakkelag heimehøyrane på Fiskå tok tredje plassen med f.v. Tom Kristian Fiskaa, Thomas Årvik, Jan-Erik Årvik og Per-Gunnar Lundehaug.


HER FINN DU RESULTATLISTER:

Kvinner alle.pdf

Menn alle.pdf

Lagkonkurranse 2023.pdf

Klassevinner 2023.pdf

Resultat mosjon.pdf




Øverbergrondå 2023 - AVLYST

Postet av Syvde IL den 16. Mar 2023

Arrangementet er avlyst grunna vêrforholda på fjellet og vanskelege forhold i delar av løypetraséen!

Søndag 19.03 vert det tradisjonsrike turrennet Øverbergrondå arrangert av Syvde IL. Turrennet går frå Øverberg skisenter og tur/retur Slivatnet. 

Registrering av deltakarar vert gjort inne i varmestova på Øverberg frå kl. 11 til 15. 

Det vert premiering for 1, 3 og 5 års deltaking. Varmestova kjem til å vere open under arrangementet.  

Startkontigent: 100 kr. 

Idrettslaget tek forbehold om vêrendringar og vil oppmode alle om å halde seg oppdatert på nettstaden til Syvde IL og på idrettslaget si side på Facebook. 


Her kan du lese meir om arrangementet Øverbergrondå. 







Årsmøte i Syvde IL

Postet av Syvde IL den 12. Feb 2023

Årsmøte i Syvde idrettslag vert onsdag 15. mars kl. 19 på kantina ved Syvde Samfunnshus.

Vanlege årsmøtesaker. 


Vel møtt!





Blåfelden Rett Opp 2023

Postet av Syvde IL den 8. Feb 2023

Team Blåfelden gler seg ilag med ivrige deltakarar til Blåfelden Rett Opp. Startskotet går 3.juni. 2023



Syvde Idrettslag ynskjer velkommen til den 13. utgåva av Blåfelden Rett Opp. Startskotet gå laurdag 3. juni 2023 kl 12.00. Løpet vert arrangert i kjendt stil med Kosterikjedagane som flott ramme rundt løpet. 

Johanna Åstrøm, Dynafit Sverige, er den raskaste dama som innehar den knallsterke løyperekorden 42.51 som ho tok i 2019. Løyperekorden for menn, som Thorbjørn Ludvigsen, Varegg tok i 2018 på 35.48 virker uslåelig. Mange har gjordt eit hederlig forsøk, kanskje  vi får gode forhold i år til ny bestetid?

Blåfelden Rett Opp inviterer også til den tradisjonelle Lagkonkurransen, der ein vennegjeng, treningsgrupper, idrettslag, klubbar m.m. kan stille som lag med minimum tre deltakarar. Vi konkurrerer med reine dame og herrelag. Det har ikkje vore det store engasjementet frå damer i lagkonkurransen, då er det desto hardare kniving blandt herrane.