Øverbergrondå er eit årleg turrenn som går frå Øverberg til Rota og tilbake. Det vart fyrste gong arrangert i 2006. Her er det ingen tidtaking, det er kun snakk om å delta. Turen går i lett familivennleg turterreng med godt preparerte løyper. På grunn av dei erfaringane vi har gjordt og etter at gapahuken vart ferdig har reglane for deltaking i Øverbergrondå vorte endra (2011). Dei yngste, til og med 7 år, får godkjendt ved å gå til gapahuken ved Nakkevadet. Dei andre må gå til Rota ved Slivatnet og registrere seg der. Når du returnerer til Øverberg vil du få din velfortjente premie i varmestova. Det er også mogleg å gå turen den andre vegen, registrere seg på Rota og gå til varmestova på Øverberg med retur til Rota. Registrering skjer iløpet av 4 timar og turen er ca 10 km.
I varmestova på Øverberg er det kiosk med kaffi, sjokolade, brus og nysteikte vafler.

Mange nyttar høvet til ein tur innom Vassdalsbu, eit naturleg samlingspunkt langs løypa.

Ved fyrste års deltaking får ein pin med motiv frå Øverberg , der motivet er frå ein akvarell som Grethe Ervik har malt. Dette motivet går igjen på krusa som ein får ved tredje gongs deltaking. Det vert og premiar ved fem og ti års deltaking.
            









5 år: Flott termokopp som held på varmen og kan ligge i sekken.