Historia om Gapahuken ved Nakkevadet.



07.02.2010. Idrettslaget har planer om å bygge ein gapahuk ved Nakkevadet, eit stykke innafor Ladebakken. Dette er ein fin plass med utsikt innover løypetraseen og passelig avstand ifrå Øverberg. Grunneigarane var positive til tiltaket og det vart søkt støtte til gapahuken gjennom Gjensidigestiftelsen. Ved årskiftet fekk vi den hyggelige meldinga at vårt prosjekt var blandt dei som fekk tilskot. Vi har transportert innover stolpar og materialer som ligg lagra ved Nakkevadet i påvente på at våren kjem. Då skal vi starte arbeidet og vi håpar at mange vil hjelpe til, slik at gapahuken kan vere klar til vintersesongen 2010-11.


Grunneigar/ eldsjel Åge Sørdal og idemakar/ eldsjel Kåre Lade

Kaffepause og siste rest av julekaker ved Nakkevadet



Arbeidet med gapahuken ved Nakkevadet som er finansiert gjennom Gjensidigestiftelsen er no godt i gang. Kåre Lade lanserte ideen til prosjektet og fekk sjølvsagt æra av å ta fyrste spadestikket tirsdag 15 juni 2010.Gapahuken skal røysast av 8 grove stolpar, kledast med villmarkspanel og torvtak. Inne i gapahuken skal det vere golv av terrassebord og benkar langs veggane.


Christoffer Ervik Røys kjempar med ein knute for å pakke ut matrialen som har vore lagra ved Nakkevadet sidan i vinter.

Her har Kim Tonny Røys og Åge Sørdal fått på plass den fyrste av i alt åtte stolpar. Det vart greve omlag 1 meter djupe hol og stolpane vart kilt faste med stein av ein "daskar" som Kim Tonny her held i handa.

Åge skjekkar at ting er i vater, medan Kåre ler og tykkjer at han er vel optimistisk.

Slik ser ei skikkeleg samanføyning ut.


Åge Sørdal, Atle Midtbø og Kåre Lade er nøgde med kveldens innsats. No er det klart til sperrer og bordkledning.

Her gir Sølvi Midtbø kledninga eit strøk med tjærebeis.


Leon Stranden er på taket medan Sigurd Asklund og Kåre Lade er igong med golvet.


Mandag 23. august var ein gjeng innover til Nakkevadet for å gjere gapahuken ferdig. Åge og Steinar reiste inn om ettermiddagen for å klargjere til torvlegging og "Torvteamet" kom seinare på dagen, i sekstida. Det vart spadd torv med stor iver i kveldsola ved Nakkevadet. I løpet av ein og ein halv time var torvtaket ferdig med røsslyng og innslag av både blåbærlyng og molte.

Då er det meste på plass og "Torvteamet" pustar ut etter god innsats.