Resultat Fjelltrimmen 2016

Når Syvde Idrettslag skal kåre dei sprekaste i Fjellttrimmen må det sjølvsagt skje på ein fjelltur. Og søndag 6. november 2016 skein sola med eit tynt lag nysnø på fjelltoppane, ein perfekt dag for ein fjelltur. Det vart nok litt kort varsel for enkelte, men slik er det ofte på våre kantar, ein må hive seg rundt når sola skine og fjellet ropar. Turen gikk til Trygesteinen, det var vindstille og sola varma fortsatt godt til tross for at vi er komt uti november.

Frå v: Marius Wik Asklund, Sølvi Midtbø, Joar Takset, Linnea Eikrem.

Resultat 2016.pdf


Joar Takset vart Årets Fjellbukk 2016 for fjerde gong med bl. a. 50 turar på Svartetua. Sølvi Midtbø vart Årets Fjellgeit 2016, ho har også no fire Fjellgeit titlar. Ho har vore på alle toppane fleire gongar men vore flittigast på Lisjeblæja med 22 turar. Av juniorane hadde Amalie Røys flest poeng, men hadde dessverre ikkje anledning å vere med på turen. På dei neste juniorplassane finn vi Linnea Eikrem og Marius Wik Asklund. I år vart det ikkje krus med bildemotiv på i premie, men eit praktisk panneband der tittelen til sprekingen var innbrodert.

På dei fem toppane over 1000 meter har Joar Takset vore flest turar på Høgenipa, Gunnar Eikrem har flest turar på Lisjeblæja, Terje Eikrem rular Sandfjelltua. På Myrkevasstinden tronar Joar Takset, Terje Eikrem, Anne Wågen og Reidun Nordal. Anne Wågen har flest turar på Blæja.

23 personar med gyldig medlemskap har besøkt alle postane iløpet av sesongen. Desse var med i trekninga av ein COOP hotellweekend for to, og den heldige vinnaren var John Nordal. Oddveig og John Nordal vart overraska med ein gratis hotellweekend då dei var på veg ned frå Høgenipa. Premien er sponsa av COOP Marked Syvde og Syvde Idrettslag.


Diagram som samenlignar registreringane i 2015 og 2016.