Resultat Fjelltrimmen 2014




Årets Fjellbukk Joar Takset og Årets Fjellgeit Oddveig Nordal ilag med tre flinke juniorar: Christoffer Røys, Anna Kristin Ø. Thue og Amalie Røys. Foto: Sølvi Midtbø

Kåringa av årets Fjellgeit og Fjellbukk vart gjordt 16.11.2014 på ein fin tur til Skåranipa i strålande haustver. 30 personar var med på turen, mange for fyrste gong på Skåranipa. Det var mildt og fint i bakkane opp imot Skåranipa men det vart fort kjøleg med litt venting på toppen.

Her er resultatliste over alle med meir enn 40 poeng: RESULTATLISTE 2014

Vi har sett opp ei oversikt over kven som har vore flest gongar på dei ulike postane:

Høgenipa: Joar Takset 8

Lisjeblæja: Sølvi Midtbø 14

Sandfjelltua: Terje Eikrem 10

Svartetua: Joar Takset 61

Blæja: Joar Takset, John Nordal, Leon Stranden og Oddveig Nordal 3

Myrkevasstinden: Reidun Nordal 13

Bjørnen: Åge Sørdal 21

Lisjerøfsdalen: Gunnar Eikrem 22

Trygesteinen: Frode Myrvoll 13

Tennevatnet: Reidun Nordal 12

Ulvenakken: Perry Sætre 24

Vassdalsbu: Åge Sørdal 36


Tone Drage Sørdal vart den lukkelege vinnar av COOP Hotellweekend, betalt av COOP Marked Syvde og Syvde Idrettslag. Foto: J.W. Klungre