Åge Sørdal får Kulturprisen 2015

Postet av Syvde IL den 29. Nov 2015

Her er Åge i sitt rette element, i langrennsløypene på Øverberg.


Vanylven Kommune vil i år hedre Åge Sørdal med tildelinga av Kulturprisen 2015, bl.a. for sitt engasjement og arbeid i Syvde IL.

"Vel fortjent" seier nokon, andre seier "Det var jammen på tide". Åge har markert seg på mange frontar opp igjennom åra, som idrettsmann, politikar, HV- mann, bonde og eldsjel. Han har vore leiar i Syvde IL ei periode og var ein av dei viktigast drivkreftene rundt 1980, til at arbeidet med skianlegget på Øverberg kom igong. Arbeidet med skianlegget har pågått i mange år, og Åge har vore sentral i arbeidet heile tida med bl.a. søknadar om tippemidlar. Han har også hatt ansvaret for plassering av løypetraseen, og følgt nøye med på utbygginga som har gått over tre byggetrinn. Drifta av skianlegget er det idag andre eldsjeler som tek seg av, men vi set pris på at Åge fortsatt er i kulissene og passar på. Om vinteren ligg Øverberg Skisenter og lokkar skihungrige Vanylvingar til fjells, med dei flottaste langrennsløypene du kan tenke deg. Det er stor sjanse for at du vil treffe på Åge i skiløypene, og då må du nytte sjansen til å gratulere han med velfortjent Kulturpris. Vi i Syvde Idrettslag gratulerer!!












Blåfelden Rett Opp 4. juni 2016

Postet av Syvde IL den 1. Sep 2015


Utsikt frå Blåfelden 14 mai 2015.

Neste år (2016) havnar pinseafta på 14 mai, og det er i tidlegaste laget for å arrangere motbakkeløp til Blåfelden. Det har vore vanleg at motbakkeløpet og "Kosterikjedagane" vert arrangert i pinsa, men til neste år er det planen at begge arrangementa verte flytta til ei anna helg. Etter erfaringane frå 2015 kan ein spørre seg sjølv om løpet burde vore seinare på sommaren. Det er derfor enighet om at Blåfelden Rett Opp 2016 vert arrangert 4. juni.



Blåfeldkost 2015

Postet av Syvde IL den 1. Sep 2015


Iren Nordal og Karl Idar Vik vart kåra til "Blåfeldkost 2015".

Styret har fått fleire oppfordringar til å premiere dei beste løperane som har lokal tilknytning. I 2015 tok vi desse oppfordringane på alvor og tok kontakt med Agnes Johanessen som driv #karneshua i Lyngen i Troms. Ho laga #karneshua modell "Blåfelden" til oss, og på premieutdelinga fekk dei to utflytta syvdingane sin velfortjente tittel.




Blæja 1142 m.o.h.

Postet av Syvde IL den 12. Aug 2015

Blæja 1142 m.o.h.



Utsikt frå det høgste fjellet i Vanylven, Blæja 1142 moh.

Lettaste vegen til Blæja er frå Dansen seter i Dalsfjorden men då får du ein biltur på over 2 timar i tillegg. Vil du gå ifrå Syvde går du merka løype frå Lisjerøfsdalen til Lisjeblæja, vidare langs Blæjeggja til Blæja. Når du nærmar deg Blæja vert terrenget brattare, går du Klungrepassasjen forserer du nokre fjellknauser og derfrå er ruta god å gå til toppen. I Klungrepassasjen er det hengt opp kjetting for tryggare ferdsel. Frå Blæja kan du fortsette merka løype vidare til Myrkevasstinden og til Kvanndalen på Nordalsfjellet. Du kan også gå den merka rundturen med start på Røfsdalsætra til Lisjeblæja- Blæja- Myrkevasstinden- Sandfjelltua med retur til Røfsdalsætra, ein populær rundtur som har fått namnet "4 over 1000".

Alternative ruter: Umerka rute langs Blæjevatnet, umerka rute opp Jolehornet, eller frå Joledalen og fylgje den innteikna ruta på biletet under. Likar du ein luftigare tur kan du gå Blæjeeggja frå Lissje Blæja som vi ser på bildet over.

GPS- fila til ruta "4 over 1000" finn du HER



GPS - fila til Blæja langs Blæjegga finn du på MOROTUR





Ei alternativ rute til Blæja er innteikna på biletet til venstre. Dette er nok den raskaste ruta til Blæja med start frå Joledalen. Ei bratt og tung rute. På biletet ser vi nokre karar som gjekk ruta ein sommarkveld i 2009 med retur ned Jolehornet. foto Atle Midtbø.





I 2012 vart det gjordt alvor av ideen om å merke og rydde rås langs Blæjeeggja. Det vart flytta ein del stein under arbeidet. Dugnadsgjengen tek her pause til ære for fotografen i arbeidet med merking og rydding av råsa langs eggja. Foto: Atle Midtbø




Den finaste utsikt i Vanylven kommune finn du frå toppen av Blæja.



Klungrepassasjen er eit av dei brattaste områda på turen langs Blæjeeggja. Går ein mange i fylgje er det viktig å vere obs på laus stein.






Myrkevasstinden 1131 m.o.h.

Postet av Syvde IL den 12. Aug 2015

Myrkevasstinden 1131 m.o.h.



Til Myrkevasstinden kjem du ved å fylgje rute 49c på turkartet. Ein flott utsiktstur med utsikt til dei høgaste fjella i kommuna. Ruta går langs ryggen i lyngmark og steingrunn, litt bratt enkelte stader men ikkje vanskelige parti. Nokre korte parti kan følast litt luftige for enkelte. Når du nærmar deg toppen på eggja er underlaget bearbeidt slik at ura skal verte lett å gå.

Istaden for å gå tilbake same vegen som du kom opp,kan du fortsette vidare i retning Blæja og gå ned Skorretehornet til stigninga startar opp mot Sandfjelltua. Du kan sjølvsagt nytte høvet til å besøke Sandfjelltua ( 1002 moh) og fortsette Sandfjelldalen rundt eller gå ned grasbakken til Myrkevatnet. Ein fin rundtur på omlag 4- 5 timar.

GPS - fila til Myrkevasstinden finn du på MOROTUR




Utsikt til Kvanndalstinden 1110 moh.



I dette området finn du eit fint skiterreng til langt uti mai- juni. Går du opp bakken til høgre kjem du til Sandfjelltua. Myrkevasstinden i bakgrunnen.




Topp fotomotiv med Myrkevatnet ned til høgre, ryggen utover mot Sandfjelltua og Syvdsfjorden i det fjerne..




Høgenipa 1097 m.o.h.

Postet av Syvde IL den 12. Aug 2015

Høgenipa 1097 m.o.h.




Varden på Høgenipa var utrasa men vart oppmura på nytt seinsommaren 2011. Foto Sølvi Midtbø




GPS - fila til Høgenipa finn du på MOROTUR


Høgenipa er, sett frå Syvde og andre av bygdene i Vanylven, ein pyramideforma topp. Høgenipa er eit av dei mest kjende fjella i kommunen. Dette er ein flott tur i lett terreng, også for dei som ynskjer å gå til topps med skifellar og kunne renne ned igjen utan å møte motbakkar. Frå toppen er det flott utsikt mot nord, vest og sør. Det er fleire alternative ruter til toppen av Høgenipa. Den nordlege ruta med rutenummer 45 er den mest brukte. Til tider kan det vere kaldt og isete det siste stykket opp mot toppen. Den sørlege ruta med rutenummer 45 c har oppstigning på sørsida av toppen, og ofte er det mindre isete der enn i oppstigninga på nordsida av toppen.
Høgenipa og parkeringsplassen sett frå Syvde.

Avhengig av kor langt ned mot Syvde snøen ligg kan ein enten starte på toppen av bomvegen, eller lenger nede. Midtvinters må ein rekne med å starte heilt nederst på bomvegen.

Bomvegen startar på Landsverk. Ta av mot Nordal eit par hundre meter nord for sentrum i Syvde. Følg dalen og ta av til venstre over ei bru etter 2,3 km. Ta til venstre rett etter brua og køyr 200 meter til starten av bomvegen.

Når ein er komen til den øvre enden av bomvegen går ein i forholdsvis rett linje mot aust, og svingar etter kvart meir søraustover mot toppen. Frå parkeringsplassen er det skilta og godt merka rås til Trygesteinen.
Det er godt merka rås frå Trygesteinen til Høgenipa, og den vanlege vegen er her inntegna. Foto Atle









Frå Høgenipa er det fin utsikt og du kan forsette vidare f.eks. mot Dalsfjorden til Moleggja. Foto Atle



Lisjeblæja 1032 m.o.h.

Postet av Syvde IL den 12. Aug 2015

Lisjeblæja 1032 m.o.h.



Solnedgang frå Lisjeblæja medan Syvdsfjorden sakte vert fyllt med havskodde.

Toppen av Lisjeblæja er ein av dei mest særprega fjelltoppane sett frå Syvde, og turen til toppen er lett og kan nåast av dei fleste. Ein kan nå toppen via andre ruter, men turen via Lisjerøfsdalen er den vanligaste og lettaste ruta. Lisjeblæja med sine 1032 moh er eit fint utsiktspunkt og det er ein stor opplevelse å få med seg solnedgangen herifrå. Bruker du dagen kan du under turen prøve fiskelukka både i Lisjerøfsdalen og Joledalen. Frå parkeringsplassen i Lundagjerde går eit godt synleg og merka rås vidare innover dalen. Råsa går med litt varierande stigning, omkransa av lav bjørkeskog. Når du er komen opp på Reset, vider Lisjerøfdalen seg ut og det er flatt innover til Lisjerøfsdalsvatnet. Her kan det vere litt myrete og våtsamt, men Syvde idrettslag har lagt ut flakar på dei våtaste partia. Frå murane etter Urhellom går råsa oppover mot Joledalen, godt synleg med blåmalte steinar og stikker innimellom. Her er det litt brattare enn lenger heime, men ein kjem fort opp i høgde og får ein flott utsikt over Lisjerøfsdalen. Over skoggrensa er råsa godt synleg heilt fram til Raudesteinen i Joledalen. Herifrå er det lyngmark og mange fjellvandrarar har gjordt at her er ei definert rås, og det er tydeleg merka med blåmalte steinar og stikker kvar ein skal gå. Terrenget har fin stigning oppover mot Lisjeblæjeskaret og brått har du utsikt over Røfsdalen og Syvde. Herifrå er det steinur til toppen. GPS koordinat finn du på www.morotur.no

Lisjeblæja byd også på flott skiterreng for dei som elskar toppturar, og ein skitur hit i måneskinn kan anbefalast. Flott nedkøyring til Lisjerøfsdalen.



Sandfjelltua 1002 m.o.h.

Postet av Syvde IL den 12. Aug 2015

Sandfjelltua 1002 m.o.h.



Høgste punktet på Sandfjellet kallast i daglegtale Sandfjelltua. Her har du finn utsikt over "Syvdsalpane" og fjella rundt. Du kan gå på Sandfjelltua ifrå Kvanndalen på Nordalsfjellet eller frå Røfsdalsætra via Blæjevassbu. Du kan kombinere Sandfjelltua med ein rundtur via Myrkevasstinden eller kanskje den populære 4 x 1000 der Sandfjelltua er ein av toppane. Turen til Sandfjelltua er spesiellt fin som topptur på ski. I lesida ligg det etter snørike vintrar snø til ut i juni. GPS fil finn du på www.morotur.no




Pudderparadis....




Blåfelden 820 m.o.h.

Postet av Syvde IL den 12. Aug 2015

Blåfelden 820 m.o.h.



Start på Hardbakken og følg råsa som er godt merka med blå maling og stikker. Ved hovedvegen er det godt skilta og det er same råsa som vert nytta til motbakkeløpet "Blåfelden rett opp". Ved vegen over Hardbakken finn du starten på råsa. Den stig bratt opp bjørkaskogen og når du er komen over skogen er det skilta rås til høgre mot Ivasætra. Råsa til Blåfelden forsett oppover ryggen "Stor- Remen" i tørr lyngmark før den vert brattare og meir steinete når du nærmar deg Eggja. Langs Eggja kan det for enkelte vere nokre luftige parti, men dei kan lett unngåast ved å gå eit par meter til sides for råsa i sida mot Taksetvatna. Frå Hardbakken og heilt til topps har du fin utsikt over Syvde og når du er komen opp på platået er du på turen sitt høgaste punkt 842 m.o.h. Her finn du ein vegvisar som peikar til høgre mot Svartetua, ein liten fjellknaus litt inn på platået. Går du til venstre fyl du råsa som vert brukt under Blåfelden Rett Opp, inntil du er komt til posten som er strategisk plassert med god utsikt til Syvde.




Utsikta frå Eggja.



Vikehornet 709 m.o.h.

Postet av Syvde IL den 12. Aug 2015


Startpunkt er frå parkeringsplassen på Røfsdalsætra, følg vegvisar til Vikehornet 5 km. Det er same råsa som går til Blæjevatnet og den startar ovanfor hyttene, merka med blåmalte steinar og stikker. Kryssing av ei lita elv som kan vere stor etter kraftig regn. Råsa får god stigning etterkvart og du kjem raskt opp i høgde. Ved Tåbrothytta er det passeleg å puste ut, den brattaste kneika er over. 

Like etter Tåbrothytta står det skilt mot Vikehornet. Ruta kryssar på bru over Helgåa og held deretter fram langs nedsida av ei avrenningsgrøft som er laga i samband med bygging av elvekraftverk. På enden av avrenningsgrøfta går ruta opp ein bakke og deretter slakt utover mot Vikehornet. Råsa går i fin høgde med torrt underlag og er merka med blåmalte steinar og stikker utover mot Vikehornet. 

Her er stikrysset ovanfor hytta på Tåbrotet og ein ser grøftekanten ein skal gå på i venstre biletkant.


GPS fila til Vikehornet finn du her: http://morotur.no/Morotur/Turar/Vikehornet-rute-53C 




Ulvenakken

Postet av Syvde IL den 12. Aug 2015

Ulvenakken



Råsa har tilkomst frå gardane på Opsal og Sætre, men for å sleppe å gå over dyrka mark startar ein frå grustaket i Røda. Det er skilta mot Ulvenakken på den gamle riksvegen utanfor elva i Røda. På grunn av veibygging i området er det og endring i råsa (stien). På kartet viser vegen som ein svart strek med kvite prikkar. Den ruta som har vore brukt nokre år tek no av frå vegen 185 m.o.h. rett etter kvileplassen der ein av grunneigarane har sett ut eigenprodusert benk og bord i kortreist lerk. Det er skilta der stien tek av frå vegen. Denne stien kjem etterkvart til den gamle mjølkarråsa der dei som skulle opp på sætra gjekk 1 eller to gangar for dag. Dette er den korte og bratte ruta for dei som skulle raskt fram. Frå enden av vegen 285 m.o.h. er det også ein sti. Dette er den stien som kyrne gjekk når dei skulle til sætra. Dette er ein slakare og lettare sti enn den blå. Denne stien er merka med raude merke på tre og steinar.  



Varden på Ulvenakken er ein sjeldent pent murt varde med tanke på at det er brukt lokal "normal"stein. Vi klatrer ikkje på denne varden.





Vassdalsbu

Postet av Syvde IL den 12. Aug 2015

Vassdalsbu




Familievennleg preparert skiløype i lett terreng. Løypa går i opparbeidd trase i dalen mellom Øverberg og Rota med eit sidespor til Vassdalsbu. I løypetraseen køyrer Syvde Idrettslag opp løyper som er mykje brukt av skiløperar frå heile distriktet. Vassdalsbu er eit mykje nytta turmål, og også ein viktig møteplass for turgåarar frå nord og sør. Ein fineversdag kan det vere folksomt i solveggen på hytta. Hytta er open og er eigd av Røde Kors. Omlag midt mellom Øverberg og Rota er det ein open gapahuk med god plass, og med høve til å lage bål.

Ein kan gå delar av, eller heile løypa. Ved gode snøtilhøve er det ofte preparert fleire løyper i området.
Vil du besøke Vassdalsbu om sommaren finn du merka løype frå parkeringsplassen på Øverberg og turen kan godt kombinerast med ein rundtur innom Bjørnen.


På ein fineversdag treff du mange glade turgåerar i løypene innover Syvdslidane.




Bjørnen

Postet av Syvde IL den 12. Aug 2015

Bjørnen


Frå Bjørnen har du panoramautsikt over Saurdalen. Biletet er frå ein fellestur i 2011.


Startpunkt frå veg til terreng er skilta både på Øverberg og på Kilebrekka. På Øverberg følgjer ein skilt mot Bjørnen og rute 55B som går vidarare til Kvistivatnet og Vassdalsbu. På Kilebrekka står det rute 69 og Bjørnen på skiltet. Ruta er godt merka med pålar og blå merke på steinar. Dette er ein lett familietur og du kan variere med retur forbi Kvistivatnet til Vassdalsbu eller over mot Kilebrekka.

GPS - fil til Bjørnen finn du på MOROTUR




Fin utsikt til Vanylvsfjorden og øyane.



Trygesteinen

Postet av Syvde IL den 12. Aug 2015

Trygesteinen





Trygesteinen ligg ved Trygesteinsvatnet i lett turterreng på rute 45. Hytta er i privat eige og herifrå kan ein lett nå Høgenipa 1097 moh. Om sommaren køyrer du bomveg frå Landsverk til parkeringsplassen på omlag 400 m.o.h. Området har lett skiterreng og ein skitur på Høgenipa byd på fine nedkøyringar. Ver obs på is under toppen av Høgenipa.

Sjå også turbeskrivelse til Høgenipa.










Lisjerøfsdalen

Postet av Syvde IL den 12. Aug 2015

Lisjerøfsdalen





Familietur i lett terreng til det som i bygdeboka for Syvde kallast ”perla i dalen". Lisjerøfsdalen er omkransa av Jolehornet og Lisjerøfsdalsnipa og er ein lun plass, spesielt når nordavinden gjer livet surt heime i bygda. Ved vatnet er det bålplass og fin grasslette for telting. Du kan fiske fritt i elva og vatnet. I murane til Urhellom er det også lunt å sitte viss du for eksempel vil grille pølser. Ein tur til Lisjerøfsdalen er ofte starten på ein lenger tur som til Joledalen og Lisjeblæja, eller opp Ågotskaret til Lisjrøfsdalsnipa. Råsa er merka med blåmala steinar og stikker. Enklte stadar er det våtsamt og myrete. Her har idrettslaget lagt ut flakar.

GPS - fila til Lisjerøfsdalen finn du på MOROTUR





Ved parkeringsplassen i Lundagjerde er det godt skilta til dei ulike turmåla i området.



Som ein kuriositet tek vi med eit bilete av "Urhellom", teke i 1944 av Sverre Brudevoll. Dei som er med på bilde er frå venstre: Malvin Brudevoll, Johan Myklebust, Magnus Vik, Johan Tverberg og Arnold Nordal. Hytta vart seinare sprengd i lufta med store mengder dynamitt, men det er ei anna historie..... Kålå ( ein gamal lampe) vart funnen heim på Reset.



Skade på varden på Sandfjelltua

Postet av Syvde IL den 28. Jul 2015



Den nye varden som vart bygd i 2013 på Sandfjelltua har fått skade denne vinteren. Det såg ut som om snø og is hadde gjordt slik at halve toppen hadde glidd ut. Som vi ser av biletet skråar toppen, so her har det forsvunne ein god del stein. Etterkvart som snøen bråna rundt varden dukka den eine steinen etter den andre opp. Desse ligg til venstre for varden, og her har nok vore eit kraftigt vindkast som har jafsa inn i varden.
Den tidlegare varden vart jamna med jorda under orkanen Dagmar og boksa med trimboka vart funnen igjen 300 meter ned i sida til Sandfjelldalen. Begge gongane har vinden komt i retning frå Lisjeblæja og dette tyder på at Sandfjelltua er ein verhard og vindutsett fjelltopp. Når varden vart bygd opp igjen vart det nytta stor stein med tanke på at no skulle ikkje vinden klare å rikke den. Men det var nok ikkje so enkelt. Naturkreftene er tydelegvis mykje større enn det vi kan førestille oss.

Denne steinen som tre mann la på plass på toppen av varden, og skulle "låse" dei andre steinane låg 5-6 meter frå varden.



12 postar på ein dag.

Postet av Syvde IL den 26. Jul 2015



Terje Eikrem (49) og sonen Sigurd (20) presterte litt av ei fjellbragd i Syvdsfjella nyleg: I løpet av tjue timar tok dei alle dei tolv fjelltrimpostane Syvde IL har lagt ut, klauv fem toppar over 1.000 meter, og på den seks mil lange turen kunne dei notere seg for ei høgdestigning tilsvarande eit 4.000 meter høgt fjell.


Klokka fem om morgonen fredag 26. juli 2013 tok dei fatt på turen, som skulle bringe dei innom alle 12 postane i Fjelltrimmen til Syvde IL, og alle registreringane skulle vere på same dato. Det var ein fin sommardag, faktisk ein av dei varmaste dagane denne sommaren.

Terje har i fleire år fantasert om å besøke alle postane på same dato og det var nok eit strek i regnestykket at idrettslaget etablerte ny post på Ulvenakken. Det gjorde sitt til at turen var forlenga med nærare 3 timar. Frå Ulvenakken gikk turen over myrane til Trygesteinen- Høgenipa (1097)- Tennevatnet og ned på anleggsvegen som gå opp til demninga i Kvanndalen. På Nordalsfjellet har familien hytte og her venta mor Åse med lunsj og torre sko.

Etter energipåfyll gikk turen vidare til Sandfjelltua (1002), den andre toppen over 1000 meter, herifrå er det ein bratt stigning til Myrkevasstinden (1131) og like bratt nedatt i Blæjeskaret før dei kunne sjå utover verda frå Blæja (1142), det høgaste fjellet i Vanylven. No venta Blæjegga og turen bortover mot Lisjeblæja (1032) vart varm, lufta sto stille og dirra i solsteiken. Herifrå vart dei vitne til eit formidabelt torever i Nordfjord, himmelen var svart og lyna flerra himmelen. Dei frykta at toreveret skulle kome deira veg og øydelegge forsøket, men heldigvis vart det med ein lett regnskur i området ved Vassdalsbu. Frå Vorskår og fram til Vassdalsbu er det ikkje god rås og området kan med rette kallast eit moras og kleggen var blodtørstig og gjorde tilværelsen utriveleg for ekspedisjonen. Får Vassdalsbu til Bjørnen fekk dei problem med å finne råsa og havna for langt vest i forhold til posten på Bjørnen. Her tapte dei verdifull tid og dei starta å tvile på om dei i heile tatt skulle klare Svartetua innen midnatt. Frå Bjørnen jogga dei ned til Utsikten Fjellkro og her gikk Terje på ein smell:
"Eg fekk meg ein alvorleg dett før siste etappe. Men etter cola og sjokolade som eg fekk med Sigurd, gjekk eg som ein general..."

Dei vart observerte på Fuglehaudet kl 22.53 og det var ikkje tid til å nyte utsikta, full fart vidare ned i Nonskaret og vidare opp den seige bakken til Svartetua .... kl. 23.30.

Turen ned frå Svartetua er det mange som kjenner til ifrå motbakkeløpet "Blåfelden rett opp", den er bratt og tøff for knea. Den vert ikkje enklare etter å ha gått heile dagen og i mørkret, kun med lyset frå ein mobiltelefon.... kl 01.00 hadde dei endeleg asfalt under beina igjen.




Her er ruta inntegna med namn og høgde på dei 12 postane. Ill: John Willy Klungre.




Slik ser føtene til ein ekspedisjonsdeltakar ut, som har gått i Syvdsalpane i 20 timar, gått seks mil, klatra 4000 høgdemeter, og som forståeleg nok gikk som ei gamal kjerring dagen etter.

Turen vart omtala i Sunnmørsposten med ei heilside og tilsvarande i Synste Møre. Vi bøyer oss i lyngen i respekt og takker for god reklame for Fjelltrimmen og Syvdsalpane.

Alle foto: Åse Nordal Eikrem.



Sigurd og Terje Eikrem sette verdensrekord sommaren 2013 då dei besøkte alle postane på ein dag. Denne bragda vart omtala i aviser og Sunnmørsposten spanderte ei heilside med mykje god Syvdereklame. For denne bragda fekk karane Fjelltrimmens hederspris: Den gyldne fjellstøvel str.39.




Syvde IL er toppen

Postet av Syvde IL den 28. Mai 2015

Lorem ipsum dolor sit amet


uando commodo. Nec aeterno accommodare cu. Vocibus abhorreant instructior no has, et integre scaevola nec. Has id wisi labitur, natum feugiat ceteros usu ea. Ex odio expetenda sea, vocent nostrum quo ea, timeam accusata splendide eu nam. Mel quem rebum lucilius ad. Tollit utamur mea in, vel purto diceret mentitum et.

Etiam assum vim eu, veritus voluptua sadipscing pro ad. Eu scripta explicari eos. Viderer voluptua ut vim, ne commodo accommodare vis. Cum ludus blandit et.

Qui et vocent quaeque. Mel ut ludus adolescens voluptatibus. Pri dolorum graecis dissentias ei. Ea quo alii luptatum, ius oratio eleifend eu, usu te dicat veniam tempor.

Duo eu adhuc abhorreant, qui impetus comprehensam no, has iusto oporteat intellegam ad. Vocent integre ad per, ad cetero inermis quaerendum vix. Nec et apeirian constituto definitiones. Ne sit numquam facilisis signiferumque, at est solum scaevola. Ad mei offendit necessitatibus, id eam vide wisi libris. Pri no gloriatur honestatis.
Lorem ipsum dolor sit amet, eum ut quando commodo. Nec aeterno accommodare cu. Vocibus abhorreant instructior no has, et integre scaevola nec. Has id wisi labitur, natum feugiat ceteros usu ea. Ex odio expetenda sea, vocent nostrum quo ea, timeam accusata splendide eu nam. Mel quem rebum lucilius ad. Tollit utamur mea in, vel purto diceret mentitum et.

Etiam assum vim eu, veritus voluptua sadipscing pro ad. Eu scripta explicari eos. Viderer voluptua ut vim, ne commodo accommodare vis. Cum ludus blandit et.

Qui et vocent quaeque. Mel ut ludus adolescens voluptatibus. Pri dolorum graecis dissentias ei. Ea quo alii luptatum, ius oratio eleifend eu, usu te dicat veniam tempor.

Duo eu adhuc abhorreant, qui impetus comprehensam no, has iusto oporteat intellegam ad. Vocent integre ad per, ad cetero inermis quaerendum vix. Nec et apeirian constituto definitiones. Ne sit numquam facilisis signiferumque, at est solum scaevola. Ad mei offendit necessitatibus, id eam vide wisi libris. Pri no gloriatur honestatis.
Lorem ipsum dolor sit amet, eum ut quando com

modo. Nec aeterno accommodare cu. Vocibus abhorreant instructior no has, et integre scaevola nec. Has id wisi labitur, natum feugiat ceteros usu ea. Ex odio expetenda sea, vocent nostrum quo ea, timeam accusata splendide eu nam. Mel quem rebum lucilius ad. Tollit utamur mea in, vel purto diceret mentitum et.

Etiam assum vim eu, veritus voluptua sadipscing pro ad. Eu scripta explicari eos. Viderer voluptua ut vim, ne commodo accommodare vis. Cum ludus blandit et.

Qui et vocent quaeque. Mel ut ludus adolescens voluptatibus. Pri dolorum graecis dissentias ei. Ea quo alii luptatum, ius oratio eleifend eu, usu te dicat veniam tempor.

Duo eu adhuc abhorreant, qui impetus comprehensam no, has iusto oporteat intellegam ad. Vocent integre ad per, ad cetero inermis quaerendum vix. Nec et apeirian constituto definitiones. Ne sit numquam facilisis signiferumque, at est solum scaevola. Ad mei offendit necessitatibus, id eam vide wisi libris. Pri no gloriatur honestatis.