Oppstart av barneidrett i Syvde IL
Postet av Syvde IL den 2. Nov 2025
Syvde IL startar opp med barneidrett i gymsalen på samfunnshuset. Vi stiller med dyktige instruktørar og mykje nytt utstyr.
Tidspunkt
Onsdagar i oddetalsveker.
Førskule - 2. klasse: 17:15-18:00
3.-5. klasse: 18:15-19:00
På fyrste økt onsdag 22.10 var vi heldige som fekk besøk av Sissel Kragset Vik frå Sparebanken Møre som kunngjorde at idrettslaget hadde fått tildelt 20 000 kr i TEFT-midlar knytt til oppstarten av barneidretten. Vi er svært takksame for at Sparebanken Møre også i denne omgang støttar opp om aktivitetane til idrettslaget. Tidlegare i haust fekk Syvde IL melding frå Tussa om at vi også i år fekk tildelt sponsormidlar. I år fekk vi tildelt 5000 kr som skal gå til det nyoppretta tilbodet for dei yngste.
Styret i Syvde IL er svært takksame for den støtta vi har fått og lover at midlane skal brukast til å gjere tilbodet til barn og unge i nærområdet best mogleg.
Per-Magne Sørdal frå Syvde IL og Sissel Kragset Vik frå Sparebanken Møre


Fellestur til Høgenipa
Postet av Syvde IL den 18. Sep 2025
Søndag 25. mai arrangerte Syvde IL fellestur til Høgenipa 1097 moh. Vermeldingane hadde vore litt skiftande angåande denne dagen, men veret vart betre enn meldt. Totalt var det 18 personar frå 5 av bygdene i Vanylven som var på toppen av Høgenipa. Praten går lett på slike fellesturar, og den sosiale biten er ein viktig del av turen. Det var også god spreiing i alder med den yngste på 8 år, og den eldste på 77 år. Takk til Vanylven idrettsråd og Frivilligsentralen for initativ til å få i gang igjen desse fellesturane i fjellet.
Foto: John Willy Klungre







Årsmøte i Syvde IL
Postet av Syvde IL den 2. Mar 2025

Premieutdeling fjelltrimmen 2024
Postet av Syvde IL den 17. Nov 2024
I 2024 vart Ingvar Brekke årets fjellbukk med totalt 1200 poeng og 85 turar totalt gjennom sesongen. Årets fjellgeit vart Sølvi Midtbø med 710 poeng og 47 turar. Dei får begge kvart sitt gåvekort på 1000,- hjå XXL. Årets junior fjellgeiter vart William Eikrem Nordmark og Sofie Ervik Røys. Dei får begge utdelt premie frå idrettslaget.
Tone Drage Sørdal vart den heldige vinnaren av Coop HotellKupp som vart trek ut av dei som har besøkt alle dei tolv postane til idrettslaget. Til saman var det 10 personar som var innom alle tolv postane i løpet av sesongen.
Vi gratulerer årets vinnarar og vil oppmode fleire om å registrere seg i fjelltrimmen.
Her finn du resultatliste for fjelltrimmen 2024:
Resultatliste fjelltrimmen 2024.pdf
William Eikrem Nordmark
Familiebading på onsdagar
Postet av Syvde IL den 27. Okt 2024
Syvde IL arrangerar familiebading på onsdagar!
Syvde IL held ope basseng onsdagar frå klokka 17.00 til 19.00 ved Myklebust skule.
Oppstart førstkomande onsdag 30.10.
Born frå 0 tom 11 år må ha følgje av vaksne. Ansvarleg badevakt har oppsyn med at reglane for bruk av bassenget vert haldne.
Familiebading er eit tilbod til medlemmane i Syvde IL. Vi ynskjer nye og gamle medlemmar velkomne.
Sjå lenkje for innmelding i Syvde IL:
https://syvdeil.no/register/apply/application
