Informasjon Fjelltrimmen

Fjelltrimmen til Syvde Idrettslag. Registrering via Georeg sin app eller i bok.



Kvart besøk på posten gir 10 poeng: BjørnenVassdalsbu, Lisjerøfsdalen, Trygesteinen og Ulvenakken.



Kvart besøk på posten gir 20 poeng:

 Høgenipa 1097

Myrkevasstinden 1131

Sandfjelltua 1002

Blæja 1142

Lisjeblæja 1032

Blåfelden 820

Vikehornet 709



Bøkene vert talde opp 1. september og det vert premiering blandt dei som har gyldig medlemskap i fylgjande klasser:



Vi kårer beste dame som Årets Fjellgeit, beste herre som Årets Fjellbukk og dei tre med høgast poengsum under 16 år får tittelen Årets Juniorgeit/ bukk.



I tillegg vil vi gi ei ekstra oppmuntring til ivrige fjellvandrarar. Vi vil trekke ut ein person som har besøkt alle postane i løpet av sesongen. Denne personen vil få ein hotellweekend for to. (Coop hotellkupp) Her er det sjølvsagt krav om gyldig medlemsskap.



God tur!

Levert av IdrettenOnline