Resultat Fjelltrimmen 2012



Oddveig Nordal vart Årets fjellgeit 2012 og bur under same tak i Nordvika som Årets fjellbukk 2012 John Nordal. Foto Atle Midtbø


Oddveig Nordal har vore på fylgjande postar: Vassdalsbu- 26, Tennevatnet- 4, Høgenipa- 4, Trygesteinen- 10, Lisjerøfsdalen- 4, Lisjeblæja- 4, Sandfjelltua- 2, Svartetua- 12, Bjørnen- 7, Myrkevasstinden- 3, Blæja- 2.
John Nordal har vore kåra til årets Fjellbukk tidlegare, men ser ingen grunn til å kvile på laurbæra. Han har fylgjande merittliste: Vassdalsbu- 27, Tennevatnet- 4, Høgenipa- 5, Trygesteinen- 10, Lisjerøfsdalen- 4, Lisjeblæja- 4, Sandfjelltua- 2, Svartetua- 6, Bjørnen- 5, Myrkevasstinden- 4 og Blæja- 2.

På juniorsida er familen Ervik Røys sterkt representert der den yngste i flokken Amalie E. Røys som er født 21.06.2007 har flest poeng. Her er frå venstre Benjamin, Amalie og Christoffer.



Fjelltrimmen til idrettslaget har vore godt besøkt også i 2012. Det er kjekt å sjå at det er fleire "nye" fjellvandrarar og at talet på dei som besøker alle postane er aukande.
Besøker du alle postane vil du oppnå 170 poeng og 20 personar besøkt postane ein eller fleire gongar. Det er: Oddveig Nordal, John Nordal, Kenneth Eikrem, Terje Eikrem, Grethe Ervik, Kim Tonny Røys, Kåre Einar Lade, Reidun Nordal, Amalie Røys, Geir Nordal, Siv Fagervoll Brekke, Evelyn Midtbø, Benjamin Røys, Arild Midtbø, Ronny Løvoll, Christoffer Røys, Robert Midtbø, Kirsten Våg Vik, Odny Nordal og Elin Lade.
Samlar vi alle registreringane har det vore 2585 besøk på Fjelltrimmen i 2012, og mest besøkt er Vassdalsbu med 662 besøk. Ein populær post spesielt vinterstida, Sandfjelltua, har vore ute av drift i 6 månader p.g.a. orkanen Dagmar som reiste med både varden og boka.
"Kongen av Røfsdalen 2012" Odd Myklebust studerer nøye registreringane og noterte seg flest gongar i Lisjerøfsdalen, 24 turar. Foto Atle Midtbø

Her er resultaliste over alle med meir enn 40 poeng: RESULTATLISTE 2012