"Bunnies" frå venstre svevande Ole Kristian Midtbø og Torgeir Eikrem, sittande Sigurd Eikrem og Fredrik Midtbø.

"Hit the bunny" var eit populært innslag på Kosterikjedagane 2011. (klikk på biletet og sjå video)


På årsmøtet i 2011 vart det vedteke å starte opp ei paintballgruppe i idrettslaget sin regi. Det var mange unge som var tende på ideen og hvis dette kunne vere med på å skape meir trivsel i bygda so var årsmøtet positive til forslaget.



KVA ER PAINTBALL: Paintball er ein sport der deltakarane bruker "markører" til å skyte små malingskuler (baller) på kvarandre. Når ein ball treff ein person, sprekk ballen og personen er markert. Vedkomande er då ute av spelet og må gå til sikker sone. Markøren har ein liten tank med trykkluft (200 bar) som skyt ut ballen, som består av eit hardt gelantinskal fylt med eit vatnløyseleg fargestoff- maling (derfor paintball). Ballen består av eit biologisk matriale, og vert vaska vekk ved neste regnbyge/ vask. Ballen inneheld ingen giftige stoff. Deltakarane vert delt inn i lag og spelet kan føregå i skogen med naturlege hindringar eller på tilrettelagt bane. Under spel og i spelområdet skal alle bruke godkjendt maske som tåler ball med hastighet inntil 91,44 m/s, (300 fps) Paintballmarkøren har hatt ein eigen spesiell utsjånad, men har vorte meir og meir lik konvensjonelle våpen. Mange utstyrer markøren med rødpunkt sikte og remote ( trykkluftflaske og pods med ekstra ball i backpack/ vest) som gjer markøren lettare å handtere.



Det er mange som har kjøpt utstyr og det vart teke kontakt med grunneigarar rundtom i bygda, som kunne ha eit høvelege område. Eit område rundt skulen i Sørdalen peika seg fort ut som eit tilnærma perfekt stad for paintball. Pg.a. vegetasjonen i området er ein litt utsett for flått, so vi såg oss rundt etter ein stad som kunne brukast om sommaren utan flåttplage. Eit stort åpe område heimafor Røfsdals-sætra, inntil ein stor granskog vart testa og etter at det vart inngått avtale med grunneigar og Myklebust sameige starta bygging av bane sommaren 2011. Laget fekk midlar frå Vanylven kommune/ kultur og Møre og Romsdal fylke til bygging av bane. På grunn av ein regntung og våt sommar vart ikkje bana ferdigstillt, ein del arbeid står at men bana er utprøvd og kan brukast. Bana er tilgjengelig for alle, det trengst ikkje tilknytning til Syvde idrettslag. Det einaste kravet som vert stillt er at brukerar ryddar opp etter seg og tek med søppelet heim.



For å vere med å spele paintball ilag med Krekjen paintballteam må du vere fylt 16 år. Er du medlem i Syvde Idrettslag vil du få fyllt tankane dine med trykkluft.

Prøvespeling i Sørdalen.



I Sørdalen er det naturlig kupert terreng med store steinar.
















Ovanfor Kvia er det eit lite, men spennande område med steinmurar og store grantre.


















Bygging av bane på Røfssdalssetra.


Det er brukt ymse matrialer til hindringar i bana, som bildekk, kabeltromlar og trykkimpregnert kledning.







Ein lystig gjeng som har hatt ein fin ettermiddag på bana ved Røfsdalsætra