Resultat Fjelltrimmen 2011




Frå v: Sølvi Midtbø, Robert Midtbø, Adrian Eikrem, Atle Midtbø, Ingrid Nordal Eikrem.

På idrettslaget sin måneskinstur til Vassdalsbu 3 februar 2012 vart dei ivrigaste i Fjelltrimmen premierte med eit krus og tittelen "Årets fjellgeit" - "Årets fjellbukk"

"Årets fjellgeit" i 2011 vart Sølvi Midtbø med 347 poeng. Ho har vore på Vassdalsbu 11, Tennevatnet 1, Høgenipa 1, Trygesteinen 5, Lisjerøfsdalen 10, Lisjeblæja 11, Sandfjelltua 7, Svartetua 13, Ivasætra 5, Myrkevasstinden 2, Blæja 2.

"Årets fjellbukk" vart Atle Midtbø med alle postane og 311 poeng. Robert Midtbø var den ivrigaste trimmeren under 15 år, han hadde besøkt alle postane og fekk 191 poeng. Der etter kom Adrian Eikrem med 110 poeng og Ingrid Marie Nordal Eikrem med 92 poeng.

I år var det 13 stk som hadde besøkt alle postane. I tillegg til dei som tidlegare er nemde finn vi Arild Midtbø, Evelyn Midtbø, Ronny Løvoll, Bernt Thue, John Nordal, Oddveig Nordal, Kenneth Eikrem, Bjørn Skoge, Kåre Lade. Magnar Lade på 73 år, er den eldste som har besøkt alle postane. Enkelte postar har meir besøk enn andre og Åge Sørdal har vore 43 gongar på Vassdalsbu, Gunnar Eikrem har vore 31 gongar i Lisjerøfsdalen og Anne Grete Oseberg har 134 turar på Ivasætra.

Det var totalt 2662 registreringar og mest besøkt var ikkje overraskande Ivasætra med 608 besøk. 191 einskilde personar har delteke i Fjelltrimmen (Tilreisande og utanbygds er ikkje medrekna)

Her er resultatlista med dei som har over 40 poeng i Fjelltrimmen 2011: RESULTATLISTE 2011
Powered by: Bloc