Premiering FJELLTRIMMEN 2019

Postet av Syvde IL den 15.11.2019


Her finn du resultatliste for 2019:

Resultatliste 2019.pdf


15 sprekingar, og to bikkjer deltok under kåringa av årets Fjellgeit og Fjellbukk på ein kveldstur til Lisjerøfsdalen tysdag 12. november. Vi kokte kaffi på bålet ved murane til Urhellom. Det var ein fin kveld på fjellet med vindstille og eit par kuldegrader. Folk kosa seg med kaffi, medbrakt niste og hyggelig prat.

Frå v. Anna Kristin Øvregård Thue, Karoline Lundås, Frode Myrvoll og Hanna Torvanger. 

Frode Myrvoll tok sin andre Fjellbukk- tittel (2017) med 433 poeng. Av idrettslaget sine medlemar har han flest besøk på Trygesteinen, Høgenipa og Blåfelden. Med 21 turar på Høgenipa er det tydelig kva som er Frode sitt favortittfjell.

Karoline Lundås overtok Fjellgeittrona etter mangeårig Fjellgeit Sølvi Midtbø. Ho enda på 388 poeng og favorittområde er Røfsdalen med Lisjeblæja på topp. Ho har vore ein gong i veka i Lisjerøfsdalen, og av medlemane har ho også flest turar til Ulvenakken og Blæja.

 Anna Kristin Øvregård Thue vart Junior Fjellgeit for sjette gong!!! ( 2010- 2014- 2015- 2017- 2018) William Eikrem Nordmark vart Junior Fjellbukk for andre gong (2018). Dei har begge besøkt alle postane. Hanna Torvanger vart Junior Fjellgeit for fyrste gong med 142 poeng.

Karoline Lundås vann uttrekkspremien blandt alle medlemane som har besøkt alle postane ilp av sesongen. 

28 personar har besøkt alle postane iløpet av sesongen, av desse er 23 medlemmar i idrettslaget:

Myrvoll Frode, Lundås Karoline, Eikrem Terje, Brudevoll Knut, Eikrem Gunnar, Lade Kåre Einar, Midtbø Sølvi, Nordal John, Midtbø Atle, Sørdal Tone Drage, Nordmark William Eikrem, Thue Bernt L. Nygård Aud Oddveig, Nordal Oddveig, Torvanger Janne Kristin, Arnesen Nina, Midtbø Evelyn, Nygård Kåre, Thue Anna Kristin Ø, Lade Elin, Klungre John Willy, Eikrem Odd Bjarne, Vik Kirsten Våg.



Levert av IdrettenOnline