Dei sprekaste i Fjelltrimmen 2015: Bak f.v. Marius Wik Asklund, Joar Takset, Sølvi Midtbø. Foran f.v. Anna Kristin Ø. Thue og Pål Wik Asklund. Alle fekk kvar sitt porselenkrus med bilete av seg sjølv i trivelege omgivelsar.



Det var veldig bra oppmøte på kantina til Syvde Samfunnshus då idrettslaget kåra dei sprekaste i Fjelltrimmen 2015. Det beste ville vore om kåringa kunne skje utandørs, på ein eller anna fjelltopp med so mykje spreke folk til stades. Men av mange ulike årsaker lukkast vi ikkje med det, og då vart kantina løysinga. Fjeltrimmen har hatt ein nedgang i registreringane siste året (3472). Vi trur det skuldast ein sein vår og ein skoddevåt og dårleg sommar. Vi håper deltakinga tek seg opp igjen i år, for Fjelltrimmen gjer godt for kropp og sinn.

Årets Fjellgeit vart Sølvi Midtbø (3) 358 p. Ho har sjølvsagt besøkt alle postane fleire gongar og har vore ekstra flittige på Lisjeblæja (11) Sandfjelltua (8) Svartetua (6) Myrkevasstinden (5) Blæja (3) Vassdalsbu (10).

Årets Fjellbukk vart Joar Takset (3) 584 p. Han har lagt sin elsk på Svartetua (59) Blæja (4) Myrkevasstinden (3) Sandfjelltua (7) Lisjeblæja (3) og Høgenipa (6).

Junior Fjellgeit Anna Kristin Øvregård Thue 193 p. har besøkt alle postane. Junior Fjellbukk vart brødrene Pål (121 p) og Marius Wik Asklund (81 p).


For moro skuld har vi ei oversikt over kven som er oftast på dei ulike postane:

Ulvenakken: Perry Sætre 41

Vassdalsbu: Åge Sørdal 45

Skåranipa: Sølvi Midtbø, Atle Midtbø, Joar Takset, Solveig Opsal 3

Høgenipa: Joar Takset 6

Trygesteinen: Tone Drage Sørdal 26

Lisjerøfsdalen: Odd Myklebust 15

Lisjeblæja: Gunnar Eikrem 13

Sandfjelltua: Terje Eikrem 21

Svartetua: Joar Takset 59

Bjørnen: Åge Sørdal 22

Myrkevasstinden: Reidun Nordal 6

Blæja: Alice Arnesen Stranden 5


Desse medlemane har besøkt alle postane i løpet av året og var med i trekninga av ein COOP hotellweekend sponsa av COOP Marked Syvde og idrettslaget:

Alice Arnesen Stranden, Oddveig Nordal, Terje Eikrem, Siv Takset, John Nordal, Kåre Einar Lade, Tone Drage Sørdal, Eldrid Sandnes, Dagrunn Øvregård, Sølvi Midtbø, Odd Myklebust, Bernt Løvoll Thue. John Willy Klungre, Siv Brekke Fagervoll, Evelyn Midtbø, Aud Oddveig Nygård, Anne Wågen, Joar Takset, Kåre Nygård, Arild Midtbø, Anna Kristin Øvregård Thue, Elin Lade, Kirsten Våg Vik, Magne Breiteig, Einar Breiteig.


Den lukkelege vinnaren vart John Willy Klungre og vi ynskjer han god tur!






RESULTATLISTE FJELLTRIMMEN 2015