I ei periode var det god aktivitet på friidrettsbana, takka vere Arvid Brudevoll. Det var mange som fekk prøve seg og fleire unge viste lovande resultat når dei reiste på stevne ilag med Arvid.


Syvde Idrettslag sitt stafettlag under Ørstaleikane 22. mai 2005. Frå venstre Severin Sandnes Eikrem, Fredrik Midtbø, Sigurd Nordal Eikrem, Øyvind Eikrem og Arvid Brudevoll.

Syvde Idrettslag hadde stor aktivitet på friidrettsfronten med Arvid Brudevoll som trenar/ leiar. Det var mange gode prestasjoner og gode resultat både på krets og landsplan. Sigurd Nordal Eikrem og Ole Martin Brudevoll har begge vorte uttekne til å representere kretslaget i Møre og Romsdal. i 2006 vart idrettslaget kåra av ein jury til årets KM klubb og vart premiert med kr 3000.-

Ole Martin Brudevoll kan blandt anna vise til:

Gutar 16 år 2007:
I følgje landsstatistikken så vart han rangert som:
6 plass kule (5kg) med eit resultat på 12,32m
6 plass slegge (5kg) med eit resultat på 43,20m. Det er kretsrekord for Møre og Romsdal
4 plass slegge (7,26kg) 32,23

Sigurd Nordal Eikrem har blandt anna gjordt fylgjande bragder:

NCC leikane 14 år, 2 plass med 33,38 m som er kretsrekord i Møre og Romsdal, 200m 27,70,

G13 år fekk han 3 plass på 60 m på tida 8,45

G13 år 1 plass slegg med eit kast på 25,31

2007 innandørs 40 m , 1 plass med tida 5,88

på same stemne 1 plass kule 4 kg med eit kast på 9,62 m


Gjengen frå Syvde Idrettslag under Ørstaleikane 01.09.2007. Frå venstre: Paul-Ervin Storeide, Tommy Sletten, Ole Martin Brudevoll, Elise Knardal og Sigurd Eikrem


Sigurd Nordal Eikrem på 2 plass i slegge med eit kast på 33,38 meter, 07. 09. 2007 NCC- leikane i Stjørdal.


Bilete frå eit lokalt friidrettsstemne i Syvde 30.06.2006


Delt andre plass på 60 m mellom Sigurd og Paul-Ervin Storeide

Sigurd 1 plass kule KM Tingvoll 2006