Resultat Fjelltrimmen 2013




Årets Fjellbukk 2013 Joar Takset og Årets Juniorgeit 2013 Amalie Røys. Foto Atle Midtbø

Under fellesturen til Vikehornet 13.10. 2013 nytta idrettslaget høvet til å kåre dei ivrigaste i Fjelltrimmen. Det har vore ei kraftig auke i antall registreringar og Vassdalsbu er den posten som har mest besøk. Det er svært gledeleg å sjå at 47 stk har besøkt alle postane ein eller fleire gongar, det er ein kraftig auke i forhold til i fjor (20) Joar Takset vart Årets Fjellbukk med solide 420 poeng, medan Oddveig Nordal vart Årets Fjellgeit for andre gong med 381 poeng. Dei tre beste på lista under 15 år finn vi Amalie Røys med 217 poeng. Ho vart Årets Juniorgeit for andre gong medan syskjena Linnea og Adrian Eikrem kjem halsande bak. Adrian tok forøvrig sin fjerde tittel som Årets Juniorbukk.

Her finn du resultatlista med dei som har over 40 poeng i Fjelltrimmen 2013: RESULTATLISTE 2013


Enkelte er litt ivrigare enn andre, og om Kim Tonny Røys kan ein trygt seie at han har teke den heilt ut: Han har vore 110 gongar i Lisjerøfsdalen, og vart belønna med ei specialkrus med bilde og tekst: "Ej e so dritleide ta Lisjerøfsdalen". Ut frå lista kan vi nemne andre "ivrige" som tydelegvis har sin favorittpost: Joar Takset: 42 gongar på Svartetua, Åge Sørdal: 57 gongar på Vassdalsbu, Reidun Nordal: 17 gongar på Tennevatnet, Sølvi Midtbø og Kenneth H Eikrem: 16 gongar på Lisjeblæja, Terje Eikrem: 8 gongar på Sandfjelltua, Sven Tore Sørdal: 16 gongar på Bjørnen, Anne Wågen: 7 gongar på Myrkevasstinden og 5 gongar på Blæja, John Nordal: 7 gongar på Høgenipa. Den heldige vinnaren av COOP hotellweeknd vart Sigurd Nordal Eikrem. Idrettslaget vil nytte høvet til å takke Bjørn Knardal på COOP Marked for samarbeidet og ynskjer Sigurd god tur!


Her er lista over alle som besøkte postane ein eller fleire gongar:

Eikrem Kenneth, Røys Kim Tonny, Midtbø Sølvi, Nordal John, Stranden Alice Arnesen, Eikrem Terje, Midtbø Atle, Wågen Anne, Eikrem Gunnar, Ruud Thoralf, Nordal Reidun, Ervik Grethe, Stranden Leon, Nordal Geir, Klungre John Willy, Sandnes Randi, Eikrem Sigurd Nordal, Fagervoll Siv Brekke, Lade Elin, Lade Kåre Einar, Røys Amalie, Vik Siv Jorunn N, Eikrem Adrian, Eikrem Linnea, Vik Kirsten Våg, Takset Joar, Nordal Oddveig,Midtbø Arild, Røys Christoffer, Midtbø Evelyn, Eikrem Hilde J, Røys Benjamin E, Nordal Oddbjørg Vik, Sørdal Per Magne, Løvoll Ronny, Nordal Oddny, Myklebust Odd, Westeraas Odd, Sandnes Eldrid, Nordal Steinar Arne, Vik Sofie A. N. Nygård Aud Oddveig, Thue Anna Kristin Ø, Thue Bernt, Nygård Kåre, Westeraas Jenny, Løset Rolf.