Medlemskontingent Syvde Idrettslag:



Org.nummer: 891 963 122


Medlemskap i Syvde Idrettslag kostar:

Vaksne kr.200.-

Barn kr 100.- (til og med 15 år)



Medlemsfordelar.

Å vere medlem i Syvde Idrettslag er uten forpliktelsar av noko slag, og du kan fritt benytte deg av dei ulike treningstilboda som vi har i gong. som uteTRENing med puls, styrke og kondistrening for gutta.

Når symjehallen er åpen arrangerer vi familiebading.

Vi vil tilrettelegge skiløyper på Øverberg skisenter for deg. Vi merker råsene og skiltar slik at du lett finn fram til eit av dei mange turmåla i fjella våre. 

Vi har utplassert 12 bøker som inngår i Fjelltrimmen som er ein viktig trivselfaktor og inspirasjon til å halde seg i form. Som medlem er du med i konkurransen om ein Fjellgeit- Fjellbukk tittel og besøker du alle kan du vinne eit hotellopphald. 

Vi arrangerer det populære motbakkeløpet Blåfelden Rett Opp under Kosterikjedagane. 

Vi organiserer utlån av friluftsutstyr i samarbeid med Vanylven kommune. 

I perioder arrangerer vi skredkveldar, skredturar, fyrstehjelpkurs og hjertestartarkurs kun for våre medlemar.


             



Vi sender ut betalingspåminning til registrerte medlemar på epost eller via sms.


TAKK for at du vil støtte Syvde Idrettslag!