Fjelltrimmen 2022

Postet av Syvde IL den 19. Des 2022

Onsdag 30. november var det igjen tid for premieutdeling i Syvde IL sin fjelltrim 2021-2022.

Fjelltrimmen er totalt 12 postar, med 7 lange og 5 kortare turar i Syvdefjella. Av desse toppane er 5 over 1000 moh.

Årets fjellgeit-par vart Sølvi og Atle Midtbø. Sølvi vart soleklar vinnar med 1200 poeng og til saman 83 turar. Ho har gått mest turar til Vikehornet, Blåfelden Ulvenakken og hennar favoritt, Lisjeblæja.

Atle har 750 poeng og totalt 48 turar. Flest turar har det vore til Vikehornet og Lisjeblæja.

Av juniorane har vi tre spreke vinnarar. Dette vart William Eikrem Nordmark, Sofie Ervik Røys og Hans Olav Nordal.

Det vart også trekt vinnar av Coop Hotellkupp til ein verdi av 1800,- . Den heldige vinnaren av hotellkuppet vart Sølvi Midtbø.


Vi gratulerer årets vinnarar og oppmodar samstundes alle til å knyte fjellskoa inn i neste sesong.

 

Styret Syvde IL


Resultatliste finn du her:

Fjelltrimmen 2021-2022.pdf

 

William Eikrem Nordmark, ved Kvanndalsvatnet  

Sofie Ervik Røys og Hans Olav Nordal 

 

Sølvi Midtbø og Atle Midtbø 

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.