Vedlikehald av skitraseen på Øverberg
Postet av Syvde IL den 22. Nov 2022
Syvde IL gjennomfører hausten 2022 eit større vedlikehaldsprosjekt knytt til skitraseen som går frå Øverberg og innover mot Vassdalsbu/Slivatnet. Arbeidet med utbetring av traseen vert gjennomført av Eikrem Maskin AS på vegne av idrettslaget. Dette er den største utbetringa sidan løypene vart bygde.
Det er budsjettert at 600.000 kr vil gå med til prosjektet. Syvde IL har fått tildelt tippemidlar på 298.000 kr, noko som har vore avgjerande for gjennomføringa av tiltaket. Idrettslaget vil utover dette takke Sparebanken Møre for tildelinga av 100.000 kr i TEFT-midlar til prosjektet. Gode og solide støttespelarar er naudsynt for at denne typen investeringar skal vere mogleg å gjennomføre for Syvde IL.
Til tross for økonomisk støtte, er dette eit kostnadskrevjande prosjekt for idrettslaget. Vi vonar difor at både enkeltpersonar og verksemder vil vere med på å støtte Syvde IL slik at ein kan halde løyeptraseen ope til glede for alle gjennom vintersesongen i tida framover.
Skisenteret vert drive på dugnad av eldsjeler i idrettslaget, og vi set stor pris på bidrag til drift av trakkemaskina. Vil du gi ei støtte til løypekøyringa er vi takksame for alle bidrag. Betal til konto nr: 3972 20 19761 (merk innbetaling med løypestøtte) eller VIPPS 16319
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.