Årsmøte i Syvde IL
Postet av Syvde IL den 12. Feb 2023
Årsmøte i Syvde idrettslag vert onsdag 15. mars kl. 19 på kantina ved Syvde Samfunnshus.
Vanlege årsmøtesaker.
Vel møtt!
Blåfelden Rett Opp 2023
Postet av Syvde IL den 8. Feb 2023
Team Blåfelden gler seg ilag med ivrige deltakarar til Blåfelden Rett Opp. Startskotet går 3.juni. 2023
Syvde Idrettslag ynskjer velkommen til den 13. utgåva av Blåfelden Rett Opp. Startskotet gå laurdag 3. juni 2023 kl 12.00. Løpet vert arrangert i kjendt stil med Kosterikjedagane som flott ramme rundt løpet.
Johanna Åstrøm, Dynafit Sverige, er den raskaste dama som innehar den knallsterke løyperekorden 42.51 som ho tok i 2019. Løyperekorden for menn, som Thorbjørn Ludvigsen, Varegg tok i 2018 på 35.48 virker uslåelig. Mange har gjordt eit hederlig forsøk, kanskje vi får gode forhold i år til ny bestetid?
Blåfelden Rett Opp inviterer også til den tradisjonelle Lagkonkurransen, der ein vennegjeng, treningsgrupper, idrettslag, klubbar m.m. kan stille som lag med minimum tre deltakarar. Vi konkurrerer med reine dame og herrelag. Det har ikkje vore det store engasjementet frå damer i lagkonkurransen, då er det desto hardare kniving blandt herrane.