Ulvenakken

Postet av Syvde IL den 12. Aug 2015

Ulvenakken



Råsa har tilkomst frå gardane på Opsal og Sætre, men for å sleppe å gå over dyrka mark startar ein frå grustaket i Røda. Det er skilta mot Ulvenakken på den gamle riksvegen utanfor elva i Røda. På grunn av veibygging i området er det og endring i råsa (stien). På kartet viser vegen som ein svart strek med kvite prikkar. Den ruta som har vore brukt nokre år tek no av frå vegen 185 m.o.h. rett etter kvileplassen der ein av grunneigarane har sett ut eigenprodusert benk og bord i kortreist lerk. Det er skilta der stien tek av frå vegen. Denne stien kjem etterkvart til den gamle mjølkarråsa der dei som skulle opp på sætra gjekk 1 eller to gangar for dag. Dette er den korte og bratte ruta for dei som skulle raskt fram. Frå enden av vegen 285 m.o.h. er det også ein sti. Dette er den stien som kyrne gjekk når dei skulle til sætra. Dette er ein slakare og lettare sti enn den blå. Denne stien er merka med raude merke på tre og steinar.  



Varden på Ulvenakken er ein sjeldent pent murt varde med tanke på at det er brukt lokal "normal"stein. Vi klatrer ikkje på denne varden.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.