Skade på varden på Sandfjelltua

Postet av Syvde IL den 28. Jul 2015



Den nye varden som vart bygd i 2013 på Sandfjelltua har fått skade denne vinteren. Det såg ut som om snø og is hadde gjordt slik at halve toppen hadde glidd ut. Som vi ser av biletet skråar toppen, so her har det forsvunne ein god del stein. Etterkvart som snøen bråna rundt varden dukka den eine steinen etter den andre opp. Desse ligg til venstre for varden, og her har nok vore eit kraftigt vindkast som har jafsa inn i varden.
Den tidlegare varden vart jamna med jorda under orkanen Dagmar og boksa med trimboka vart funnen igjen 300 meter ned i sida til Sandfjelldalen. Begge gongane har vinden komt i retning frå Lisjeblæja og dette tyder på at Sandfjelltua er ein verhard og vindutsett fjelltopp. Når varden vart bygd opp igjen vart det nytta stor stein med tanke på at no skulle ikkje vinden klare å rikke den. Men det var nok ikkje so enkelt. Naturkreftene er tydelegvis mykje større enn det vi kan førestille oss.

Denne steinen som tre mann la på plass på toppen av varden, og skulle "låse" dei andre steinane låg 5-6 meter frå varden.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.