Blåfelden Rett Opp 2022

Postet av Syvde IL den 21. Nov 2021

Med denne buketten av spreke damer, som alle er klassevinnerar frå 2018, omkransa av spreke langrennsløperar som i 2002 tok gull i OL Salt Lake, ynskjer vi velkomen tilbake til

 Blåfelden Rett Opp 11. juni 2022

Etter to års Coronapause gler vi oss til å møte igjen alle dei spreke motbakkeløperane som har både gode og mindre gode minner frå den bratte løypa opp til Blåfelden. Vi ynskjer spesiellt velkommen alle som vil delta i løpet for fyrste gong. Det ventar ein varm velkomst på Blåfelden :-)

Det vert eit tradisjonellt løp der bygdedagane i Syvde, Kosterikjedagane lagar ei unik ramme rundt arrangementet.

 




Johanna Åstrøm, Dynafit Sverige, er den raskaste dama som innehar den knallsterke løyperekorden 42.51 som ho tok siste løpet vart arrangert i 2019. Løyperekorden for menn, som Thorbjørn Ludvigsen, Varegg tok i 2018 på 35.48 virker uslåelig. Mange har klart å kome under den magiske grensa på 40 minutt: Arve Rindal, Anders Aukland, Jann Olav Tjønneland, Simen Østensen, Øyvind Heiberg Sundby, Kristen Skjeldal, men det er fortsatt lange minutt til Thorbjørn sin løyperekord.

Blåfelden Rett Opp inviterer også neste år til den tradisjonelle Lagkonkurransen, der ein vennegjeng, treningsgrupper, idrettslag, klubbar m.m. kan stille som lag med minimum tre deltakarar. Vi konkurrerer med reine dame og herrelag, og på biletet ser vi damelaget frå arr.klubben Syvde IL i 2018. Det har ikkje vore det store engasjementet frå damer i lagkonkurransen, då er det desto hardare kniving blandt herrane. 

Vinnerane i lagkonkurransen 2018, Røverane hevar den gjeve Blåfeldpokalen mot himmelen, foran Team Salt Lake 2002 og på tredje Linge- familien frå Valldal. 

Då møtast vi til eit Coronafritt Blåfelden Rett Opp 11. juni 2022, og har du ikkje byrja trene enno so er det tida for det no. Vel møtt!!




0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline