BRUA I BUHOLM

Postet av Syvde IL den 30. Sep 2020

Syvde Idrettslag starta våren 2020 med bygging av tur- sykkelveg på vestsida av Sætrevatnet på Røfsdalsætra. Det er eit godt utbygd dalføre, med fleire skogsvegar som vert flittig brukt av både turgåerar og syklistar. Idrettslaget ville forlenge vegen på vestsida av vatnet og koble den ihop med Sætrevegen i Buholm. Det ville soleis verte ein fin rundtur og etter at planane vart godkjendt, finansieringa på plass, starta Eikrem Maskin med arbeidet.

Vegen er omlag 900 meter og fell fint i terrenget. Det er bygd to rasteplassar langs vegen for dei som ynskjer å ete nista si eller berre sitte å nyte stillheita. For å krysse elva i Buholm måtte det byggast ei bru. Brua vart designa og teikna i samråd med Ivar Arnesen på GG Bygg i Syvde.

Fundament vart oppmura og tre telefonstolpar fungerer som berebjelkar. Ein dyktig dugnadsgjeng starta arbeidet med bygginga av brua, der all materialen var ferdig kappa og tilpassa frå GG Bygg. Før materialen vart frakta til Buholm måtte det beisast og smørjast med impregnering, slik at vi kan ha glede av brua lengst mogleg :-) Vi har teke med nokre bilde som syner byggearbeidet etterkvart som brua vart til.


Beising på GG: Sigurd Asklund, Atle Midtbø, Steinar Arne Nordal og Knut Brudevoll.


Armering og forskaling: Sindre Brekke og Odd Myklebust.

Odd Myklebust ventar på å få gå over, medan Terje Eikrem, Eivind Øvregård og Steinar Arne Nordal gjer so godt dei kan.

Terje Eikrem høyrde det banka under brua og trudde det var trollet. Det var det ikkje... eller var det det?

Fyrste økta er snart gjorde. Då tok vi lagbilde: Odd, Atle, Terje, Steinar og Eivind.

Hallvard Brekke stillte med betongblandar og fekk forankra endane og "drog av" på endane slik at brua stettar krava til universell utforming. Kristian Bentsen dreg av og Steinar Arne Nordal kontrollerer. 

Litt finmysing for å få rekkverket på plass, det passa verken med vinkel eller vater.

Ei trygg og god bru som vi håper mange kjem til å nytte når dei skal ha seg ein trimtur, eller litt frisk luft på tur i den fine Røfsdalen. Tusen takk til dyktige dugnadsfolk i Syvde Idrettslag som var med å gjorde dette mogleg!





Betaling for bruk av GEOREG.

Postet av Syvde IL den 2. Mar 2020

Det er nå bestemt at Georeg innfører brukerbetaling fra 15.03.2020. Vi har satt beløpet til 10 kr pr måned som må betales forskuddsvis for ett år ad gangen med til sammen 120 kr.  Kjøp av abonnement kan fra i dag foretas i vår nettbutikk www.georeg.no/webshop. Husk å være nøye med opplysningene her slik at betalingen kan behandles automatisk. Abonnementet vil da oppdateres i løpet av 10 minutt. Alle som kjøper abonnement før 15.03 vil få utløpsdato 15.03.2021. 

For medlemar i Syvde idrettslag betyr dette at viss du betaler abonnement for kr.120.- innen 15.mars kan fortsette å bruke Georeg sin app på Fjelltrimmen som før. Velger du å ikkje betale abonnement slutter appen din å fungere etter 15. mars. Då må du skrive i boka når du registrerer deg i Fjelltrimmen. Vi beklager at dette abonnementet vert innført, spesielt når vi er midt i sesongen. Dette er utanfor vår styring og vi må prøve å gjere det beste ut av det. Det vert ein del ekstra arbeid for oss i styret men vi trur at vi skal klare å halde orden på alle registreringane. Det kan vere ei god hjelp om du sender ein epost til syvdeil@gmail.com viss du ikkje vil abonnerer på Georeg. Er noko uklart ta gjerne kontakt med oss i styret.



Stikk Ut til Vanylven

Postet av Syvde IL den 31. Jan 2020

Politikarane i Vanylven har gjordt vedtak om å verte medlem i Sunnmøre friluftsråd frå 1.januar 2020. Dette inneber at kommuna betaler ei medlemsavgift pr. innbyggar pr år, og på heimesida til friluftsrådet står det:

Friluftsrådet har fleire ansvarsoppgåver for medlemskommunane:

  • Drift og vedlikehald av friluftsområde
  • Råd og rettleiing i friluftslivssaker
  • Utlån av utstyr
  • Aktivitet og opplæring

Dei driv også mellom anna med turopplegget Stikk Ut, der alle medlemskommunane har turar som tel med i ein konkurranse om å samle flest Stikk Ut turar.

Det er få kommunar i landet som har eit so omfattande, velmerka turnett som Vanylven. Alle kjende ruter er merka med skilt og merkepinnar, innteikna på kart og registrerte med GPS. 90 av desse turane er registrerte på http://morotur.no/Morotur/Heim med fyldig beskrivelse og bilete, og GPS fila kan lastast ned slik at ein er trygg på å finne vegen. Dette arbeidet har pågått i mange år, på frivillig basis av eldsjeler frå ulike lag og organisasjonar i kommuna. Men arbeidet er ikkje ferdig når ein har merka ei rute. Det er eit kontinuerleg arbeid for ruta må vedlikehaldast, klipping av busker og einer, erstatte øydelagde stikker og skilt og friske opp versliten maling. 

Frå 1. mai skal Vanylven kommune ha klar sine Stikk ut turar, og i den anledning var dei omtalte eldsjelene inviterte til eit møte, der kommuna ville ha råd om kva turar som skulle velgast. Det vart informert om ordninga, turane skal merkast med raude skilt i starten og der det er stikryss, henge opp boksar hvis det ikkje allereide er boks på turmålet, merke posten med pinkode og evt. bytte bøker. Kommuna eller friluftsrådet har ikkje folk til å gjere denne jobben.

At kommuna inngår ein slik avtale utan å ha rådspurt eller hatt dialog med frivillige lag og org. er kritikkverdig. Fleire var kritiske til ordninga når det synte seg at kommuna forventar at frivillige lag og organisasjonar tek på seg meirarbeidet med merking og det praktisk arbeidet med tilrettelegging. Fleire lag i kommuna har fortsatt prosjekt igong som er trivseltiltak, der friluftsliv og målet om å få fleire ut i naturen har fokus. Det vart stillt spørsmål om den årlege medlemskontingenten på kr. 60 000 kunne vore betre nytta til prosjekt i vår eigen kommune. 

Til tross for kritikken vart det plukka ut 15 turar. Desse turane vert presentert av Sunnmøre friluftsråd når stikk ut sesongen startar 1.mai.