loyper.net
Trakkemaskina på Øverberg skisenter har GPS og ved å gå inn nettsida www.loyper.net får du oppdatert løypeinfo. Heile løypenettet vårt er innteikna og fargen endrar seg i forhold til når det sist vart køyrt løype. Vi vil sjølvsagt i tillegg holde alle informert om ver og føreforhold, med bilete på facebooksida til Syvde IL.
Nyttar høvet og minnner om at det er mange i Syvde Idrettslag som arbeider dugnad for at skiløypene skal verte best muleg. Vi seier Tusen TAKK til alle som set pris på dugnadsarbeidet og betaler litt i løypestøtte!! God tur!
Øverberg Skisenter:
Øverberg Skisenter ligg i Syvde, og her finn du dei finaste turløypene på Søre Sunnmøre. I Syvde sentrum tek du av på skilta veg til Skisenter og Saurdalen og vidare opp på fjellet til Øverberg. Vegen er godt brøyta og har mange møteplassar. Her parkerer du på ein romsleg parkeringsplass (NB: parkeringsavgift) ved varmestova. No ligg det fleire kilometer med preparerte turløyper foran deg. Løypene går heilt til Rota/ Slivatnet på Åheim, og du kan gå ein rundtur innom Røde Kors si hytte Vassdalsbu. Løypene vert oppkøyrde med trakkemaskin og går i barnevennleg terreng. I veka vil det som oftast vere oppkøyrde løyper i lysløypa. I helga og høgtider samt i fineversperioder vil vi køyre opp løype innover mot Rota. Når det er gode snøforhold køyrer vi også ei 5 km løype innover Hellebustfjella. Denne løypa er skilta med "Huldreløypa". Informasjon om løypeforhold og åpningstider finn du på idrettslaget si facebookside, du kan også hente info om løypekøyring på skisporet.no.
Øverberg skisenter består av:
- 300 m flombelyst alpinbakke
- Påbyrja terrengpark
- Musikk i bakken
- Varmestove med toalett
- Langrennsløype (lysløype)
- Kiosk i køyrebu med sal av brus og sjokolade.
- I tillegg er det bygd 5 km løypetrase frå Øverberg til Åheim grense, som gjer det mogeleg å preparere langrennsløype med forholdsvis lite snø. Når snøforholda tillet preparering av "Huldreløypa" tilbyr vi eit løypenett på nærare 15 km.
Informasjon om løypeforhold og åpningstider finn du på idrettslaget si facebookside.
Parkeringsavgift: Dagskort kr 50.-
Parkering årskort kr 300.- betalast til konto nr: 3972 20 19761 eller VIPPS 16319.
Prisar SKITREKK:
Dagskort vaksne: kr. 100.-
Dagskort Born: kr. 50,-
Årskort vaksne: kr. 450,-
Årskort born: kr. 300,-
Årskort familie: kr. 900,-( mor, far og barn under 16 år. Kr.100.- i tillegg pr barn over 16 år)
Åpningstider skitrekk:
Laurdag- Søndag kl. 12.00- 16.00
Kveldskøyring ved forhold: 18.00- 20.30
Skisenteret vert drive på dugnad av eldsjeler i idrettslaget, og vi set stor pris på bidrag til drift av trakkemaskina. Vil du gi ei støtte til løypekøyringa er vi takksame for alle bidrag. Betal til konto nr: 3972 20 19761 (merk innbetaling med løypestøtte) eller VIPPS 16319
Varmestova og parkeringsplassen. Bruk av langrennsløypa (lysløypa) er gratis for alle. Bryter til lysa finn du på veggen til varmestova vendt mot parkeringsplassen.