Ny dato for Fjelltrimmen

Postet av Atle Knut Midtbø den 3. Nov 2019

Bilete med utsikt over Kilebrekka og Saurdalen frå Bjørnen vert brukt for å illustrere det siste styrevedtaket i idrettslaget vedkommande Fjelltrimmen. 

Dei siste åra har det vore nærast ekstremsport å klivre fjellsida opp på Myrkevasstinden og Blæja på isete skaresnø, for å bytte bøkene når sesongen er slutt 1 oktober. Dette har vore eit oppdrag for dei mest erfarne. For å trygge dette arbeidet har styret vedteke å justere datoen for sesongslutt og sesongstart til månadskiftet august- september. Det betyr at årets sesong vert ein månad kortare, den sluttar 31. august 2020 istaden for 30. september. Vi trur og håpar på at dokke som har som mål å besøke alle postane vil klare det tross kortare sesong :-)


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline