Resultat Blåfelden Rett Opp 2012


26.05. 2012 vart Blåfelden Rett Opp arrangert i strålande sol og stor deltaking i mosjonsklassa.. Dette skreiv Kondis.no om løpet:

Therese Sjursen, BFG Fana vant i dag kvinneklassen i motbakkeløpet Blåfelden rett opp med tiden 45.55, en tid som også holdt til ny løyperekord.
Som ellers i landet var det i dag strålende vær i Syvde i Møre og Romsdal da Blåfelden rett opp blei arrangert . Vår påstand er at Blåfelden rett opp er et av de bratteste motbakkeløpet i Norge. Etter 800 m på asfalt stiger løypen raskt gjennom småskogen, i åpnere lende og over bratte fjell. Løypelenden er 4.38 km fordelt på 842 høydemeter. Da er det også iberegnet en solid nedoverbakke før en igjen løper i svak motbakke mot mål.

7 kvinner og 29 menn fullførte løpet i konkurranseklassen. Men det skulle ha vært så mange flere i dette flotte arrangementet, innlemmet i Kosterikkje-dagene som løpet er en del av. Mens det var få i konkurranseklassen, var det desto flere som stilte opp i mosjonsklassen og det var hundrevis av publikummere i startområdet.

Arve Rindal, Eid IL vant herreklassen i Blåfelden i rett opp på tiden 42.05 og var over minuttet foran Jann Olav Tjønneland, Viksdalen IL på andre plass med tiden 43.17. Først på tredje plass kom Odd-Bjørn Hjelmeset, Vereide IL på tiden 44.03. Arve lå litt tilbake i første del av løpet, men tok stadig innpå de to i tet. Etter hvert passerte han både Jann Olav og Odd-Bjørn, dro i fra og tok en klar seier til slutt.

I kvinneklassen blei det mere "close race". Therese Sjursen, BFG Fana vant duellen mot Merete Helgheim (bildet) og satte samtidig ny løyperekord på tiden 45.55. Merete fikk notert tiden 46.44 og på tredje plass finner vi Åse Iren Sætre, Ørsta IL med tiden 51.08

Les artikkel på Kondis.no her.

Dette skreiv Sunnmørsposten på si nettside:

Den gamle løyperekorden i motbakkeløpet Blåfelden rett opp vart slått av Therese Sjursen frå Bfg Fana, som sprang i mål på tida 45.55. Dette er 1 minutt og 37 sekund betre enn den gamle løyperekorden til Merete Helgheim frå Gloppen FIL.

Merete Helgheim vart nr. 2 i år med tida 46.44, også det er under den gamle løyperekorden. Begge desse er godt meritterte motbakkeløparar i det norske motbakkemiljøet, men Therese Sjursen var førehandsfavoritt sidan ho har betre resultat å vise til dei siste åra. Åse Iren Sætre frå Ørsta IL vart nr. 3 i kvinneklassen på tida 51.08.

Norgescup?


Den nye rekordhaldaren for kvinner karakteriserte løypa i Syvde som tøff og hard, men ho var og full av lovord over godt underlag og god merking av løypa.

Ho meinte og at arrangør Syvde IL burde prøve å få inn Blåfelden rett opp som eitt av løpa i Norgescupen, både på grunn av god løype, men og på grunn av at ein allereie har logistikk med nok parkering og garderobeanlegg på plass.




Det store spenningsmomentet i herreklassen var kva velkjende Odd-Bjørn Hjelmeset ville klare å stille opp med i konkurranse mot yngre løparar. Og det vart Arve Rindal frå Eid IL som sprang inn til sin tredje seier i Blåfelden rett opp med tida 42.05 før Jann Olav Tjønneland frå Viksdalen IL på andreplass med 43.17.

Odd-Bjørn Hjelmeset måtte ta til takke med ein tredjeplass på 44.03. Men Hjelmeseten let ikkje dette knekke humøret, og slo til med show under premieutdelinga.


Gode løpsforhold

Det aller største spenningsmomentet dei siste vekene har vore om ein i det heile ville kunne arrangere motbakkeløpet. Men stor innsats av arrangørane i Syvde IL kombinert med ei veke med fint og varmt vêr førte til at ein kunne arrangere løpet under gode forhold, sjølv om det var to parti med snø.

I følgje vinnaren i herreklassen, Arve Rindal, var det veldig greitt å springe på fast snø i den slake nedoverbakken før innspurten, så denne snøen hadde truleg lite å bety tidsmessig. Løypa startar ved vidaregåande skule i Syvde sentrum og går først på asfalt vel ein kilometer, før den går over i terrenget, der første delen er ein markert morenerygg med open bjørkeskog.

Deretter er det to kilometer med jamn og bratt stigning. Etter dette seige partiet er det 1,5 km lettare terreng over egga og høgste punkt på 842 m før området flatar ut i eit platå med målgang på 810 moh på kanten av Blåfelden, med panoramautsikt over Syvde.

Til saman var det 247 deltakarar i dei tre klassene i Blåfelden rett opp i år, 38 i konkurranseklassen og 209 i trimklasen. Dette er 107 fleire deltakarar enn i fjor.

Bilete til venstre: På toppen av Blåfelden med solskinn og utsikt over Syvde: f.v. Merete Helgheim, Therese Sjursen, Jann- Olav Tjønneland, Arve Rindal, Åse Iren Sætre, Odd- Bjørn Hjelmeset, Petter Kragset og Gunnar Emblem.

Synste Møre si nettutgåve:

Arve Rindal frå Eid tok sin tredje av fire mulege sigrar i fjelløpet Blåfelden Rett Opp i Syvde laurdag - 25 sekund etter sin personlege rekord frå i fjor. I dameklassa knuste Therese Sjursen frå Bergen all motstand og sette like godt løyperekord i solskinet.

Rindal si vinnartid var på 42.05. På plassane bak følgde Jann Olav Tjønneland og Oddbjørn Hjelmeseth. Beste lokale løpar vart Petter Kragset frå Hakkalestranda. Men vi merkar oss også ei svært sterk tid på unge Jonas Køso Svarstad som vi nesten må ha lov å rekne som lokal. Resultatliste ligg under.

Den nye løyperkorden i dameklassa lyder på 45.55 og tilhøyrer altså Therese Sjursen frå Bergen. Merete Helgheim, som hadde den gamle rekorden, måtte sjå seg slegen trass i at ho også noterte seg for personleg bestetid i løpet. Beste lokale deltakar vart Guri Wangensten.

Mange i trimklassen
Men like imponerande som tidene i eliteklassen, var den store deltakinga i trimklassen. 208 personar var påmelde og gjennomførte løpet i strålande sol og med fantastisk utsikt som ein felles premie på toppen.

kvinner 2012.pdf


menn 2012.pdf


mosjon.pdf





Powered by: Bloc