Resultat Blåfelden Rett Opp 2014



Inger og Jarle Sørdal deltok ikkje i konkurranseklassa, men føler seg som vinnerar og er godt fornøgde med innsatsen.


62 deltakarar stillte til start i konkurranseklassa då Blåfelden rett opp vart arrangert for sjette gong 7.juni 2014. Dei fine forholda under løpet med behageleg temperatur og tørr rås, gjorde nok sitt til at fleire sette personlege rekordar. Særleg gledeleg for arrangøren er at 249 mosjonistar registrerte seg ved start og gjorde sitt til at Blåfelden rett opp vart ein suksess på alle måtar. Etter arrangørens uoffisielle tal var det totalt 330 personar på Blåfelden denne dagen.

Vinnerane av Blåfelden rett opp 2014 ilag med resten av tetgruppa. May Britt Buer ( i blått) sette ny løyperekord med tida 43.50, og slo den tidlegare rekorden til Therese Sjursen med 2 minutt. May Britt Buer er suveren kvinnevinner i alle motbakkeløp ho deltek i dette året og bekreftar at ho er ein av Norges beste motbakkeløperar. Arve Rindal ( med grå jakke) er også i sitt livs form og tok sin 4 siger i Blåfelden rett opp med tida 39.07. Han knuste alle sine konkurrentar og forbetra sin personlege rekord med 2 minutt.




Klassevisdamer2014.pdf

Klassevismenn2014.pdf

Kvinner2014.pdf

Menn2014.pdf

Mosjon2014.pdf


Powered by: Bloc