Blåfelden Rett Opp 2021
Postet av Syvde IL den 3. Jan 2021
AVLYST P.G.A. CORONA!! Det var flotte forhold på Blåfelden den dagen løpet skulle arrangerast i 2020, men det sette som kjendt covid-19 ein effektiv stoppar for. Team Blåfelden satsar på at Blåfelden Rett Opp kan arrangerast som normalt i 2021 og ilag med nemda for Kosterikjedagane har vi har sett av helga 11-13 juni. Vi har eit ørlite håp om at verda er på veg til å verte normalisert til den tid, slik at vi kan arrangere Blåfelden Rett Opp som den folkefesten løpet er. Torbjørn Ludvigsen, Varegg har løyperekorden på 35:48, ein sterk rekord som han sette i 2018. I 2019 sette Johanna Åstrøm, Dynafit, Sverige løypereord for damer på knallsterke 42:51. Vi ynskjer nye og gamle rekordhalderar og alle andre som er glad i bratte fjelløp hjarteleg velkomne til Syvde og Blåfelden Rett Opp 2021, og datoen for løpet er 12. juni.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.