Premiering FJELLTRIMMEN 2017

Postet av Syvde IL den 27. Jan 2018

Dei sprekaste i Fjelltrimmen 2017: foran f.v. Junior Fjellgeit Amalie Anny Ervik Røys og Linnea Ekremsæter Eikrem og Årets Fjellgeit Sølvi Midtbø, bak f.v. Årets Fjellbukk Frode Myrvoll og heldige Kenneth Halse Eikrem, som kan ta med seg einkvann på ein hotellweekend betalt av COOP og Syvde idrettslag.

Junior Fjellgeit Anna Kristin Øvregård Thue.


For å delta i konkurransen om dei gjeve titlane må du vere medlem i idrettslaget. Årets vinnerar er ivrige fjellfolk og har vorte premierte i Fjelltrimmen fleire gongar. Men det er ein ny bukk i flokken og den av medlemane som har flest poeng og soleis kåra til Årets Fjellbukk er Frode Myrvoll. Han er den som har vore flest turar på Skåranipa (5), Høgenipa (10) og Blåfelden (12) og ilag med mange andre turar gir det han ein poengsum på 409.

Årets Fjellgeit, Sølvi Midtbø er den av kvinnene som har flest turar på Blåfelden (10), Sandfjelltua (6) og Lisjeblæja (12) og samla til slutt 349 poeng.

Det er også andre enn medlemar i Syvde Idrettslag som benytter seg av Fjelltrimmen som inspirasjon til å halde seg i god form. På listene finn vi bl.a. Magne Myklebust frå Syvde. Han har vore på mange fjellturar og aldri før har nokon registrert seg 15 gongar på Blæja. 

Vi deler også ut ein hotellweekend blandt medlemane som har besøkt alle postane iløpet av sesongen. I år var det 22 medlemar som hadde vore på alle postane. Vi ynskjer Kenneth Halse Eikrem god tur og takker alle som besøker postane våre rundt om i Syvdsalpane. 

Fjelltrimmen 2017.pdf



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.