Blåfelden Rett Opp 3.06.2017
Postet av Syvde IL den 18. Des 2016
Syvde og Blåfelden ein desemberdag. Foto Sølvi Midtbø
Vi bruker eit flott stemningsbilde frå Syvde til å starte oppkøyringa til den niande utgåva av Blåfelden Rett Opp. I 2017 vil pinsa treffe på den fyrste helga i juni og løpsdagen vert då laurdag 3. juni. Løpet vil tradisjonen tru ha ei flott ramme rundt med "Kosterikjedagane" som starter fredagskvelden. Vi sette ny rekord i konkurranseklassa i 2016 og har hatt fin stigning i deltakinga heile tida. Idrettslaget satsar nok ein gong på ny deltakarrekord og ynskjer alle velkomen til Syvde og Blåfelden Rett Opp i pinsehelga 2017.
Spreke Fjellfolk i Fjelltrimmen 2016
Postet av Syvde IL den 6. Nov 2016
Når Syvde Idrettslag skal kåre dei sprekaste i Fjellttrimmen må det sjølvsagt skje på ein fjelltur. Og søndag 6. november 2016 skein sola med eit tynt lag nysnø på fjelltoppane, ein perfekt dag for ein fjelltur. Det vart nok litt kort varsel for enkelte, men slik er det ofte på våre kantar, ein må hive seg rundt når sola skine og fjellet ropar. Turen gikk til Trygesteinen, det var vindstille og sola varma fortsatt godt til tross for at vi er komt uti november.
Frå v: Marius Wik Asklund, Sølvi Midtbø, Joar Takset, Linnea Eikrem.
Joar Takset vart Årets Fjellbukk 2016 for fjerde gong med bl. a. 50 turar på Svartetua. Sølvi Midtbø vart Årets Fjellgeit 2016, ho har også no fire Fjellgeit titlar. Ho har vore på alle toppane fleire gongar men vore flittigast på Lisjeblæja med 22 turar. Av juniorane hadde Amalie Røys flest poeng, men hadde dessverre ikkje anledning å vere med på turen. På dei neste juniorplassane finn vi Linnea Eikrem og Marius Wik Asklund. I år vart det ikkje krus med bildemotiv på i premie, men eit praktisk panneband der tittelen til sprekingen var innbrodert.
På dei fem toppane over 1000 meter har Joar Takset vore flest turar på Høgenipa, Gunnar Eikrem har flest turar på Lisjeblæja, Terje Eikrem rular Sandfjelltua. På Myrkevasstinden tronar Joar Takset, Terje Eikrem, Anne Wågen og Reidun Nordal. Anne Wågen har flest turar på Blæja.
23 personar med gyldig medlemskap har besøkt alle postane iløpet av sesongen. Desse var med i trekninga av ein COOP hotellweekend for to, og den heldige vinnaren var John Nordal.
Oddveig og John Nordal vart overraska med ein gratis hotellweekend då dei var på veg ned frå Høgenipa. Premien er sponsa av COOP Marked Syvde og Syvde Idrettslag.
Ny post i Fjelltrimmen.
Postet av Syvde IL den 22. Sep 2016
Laurdag 1. oktober startar ny sesong i Fjelltrimmen. Denne sesongen vert posten på Svartetua flytta til Blåfelden. Foto Sølvi Midtbø
Styret i idrettslaget vurderer kvart år plassering av postane i Fjelltrimmen. Motbakkeløpet vårt, "Blåfelden Rett Opp" har vorte det viktigaste arrangementet til idrettslaget og får stor oppmerksomhet frå løperar frå heile landet. Med sin dramatiske form og fantastiske utsikt er Blåfelden vorte eit populært turmål. Styret finn det soleis unaturleg at det ikkje er ein post på Blåfelden, og gjorde vedtak på siste styremøte om å flytte posten frå Svartetua (842 moh) til Blåfelden (820 moh).
Tusen takk for hjelpa!
Postet av Syvde IL den 8. Sep 2016
Vinteren 2016 havarerte trakkemaskina medan den preparerte løype frå Vassdalsbu til Øverberg. Det synte seg å vere ei hydralikkmotor som havarerte og idrettslaget sto overfor ein kostbar reparasjon. Maskina var på verkstad då sesongen var på sitt beste, og selvfølgelig var det stor snømengder på Øverberg denne vinteren. På slutten av sesongen var maskina klar igjen og gledde mange som hadde sakna dei preparerte skiløypene på Øverberg. Reparasjonen kom på over tohundrede tusen kroner og sveid godt i idrettslaget si lommebok. Det vart derfor sendt søknader til utvalgte bedrifter med spørsmål om dei ville hjelpe oss med delar av regninga. Heldigvis er her mange samfunnsengasjerte bedrifter i vårt nabolag, og Syvde Idrettslag vil med dette takke desse for deira bidrag.
Tusen takk til:
SPAREBANKEN MØRE
MARINE HARVEST
SIBELCO
VANYLVEN KOMMUNE
HOFSETH AS
Parkeringsplass ved Lundagjerde.
Postet av Syvde IL den 17. Jul 2016
Turgåarar som parkerer ved vegenden i Røfsdalen har mange gongar gått å uroa seg over om dei finn bilen skada av beitande dyr når dei kjem tilbake etter ein tur i Lisjerøfsdalen eller Lisjeblæja. Mange har snakka om at det skulle ha vore ein inngjerda parkeringsplass ved vegenden. Denne sommaren har fleire fått skade på bilen sin, og det var på tide at prat vart omsett til handling. Takka vere ein dugnadsinnsats frå idrettslaget og Eikrem Maskin har denne helga vorte nytta til å opparbeide større parkeringsplass. Det er sett opp eit gjerde som hindrar beitande storfe i å kome i kontakt med parkerte bilar. Idrettslaget kjøpte inn staur, netting og beitegrinder. Det har vore køyrt på fleire lass med grus, delar av elva lagt i rør og for å lette inn og utkøyring frå parkeringsplassen er det brukt to beitegrinder med åpning på 4,3 meter. Det er beregna plass til åtte bilar, so det er viktig at du tenker på det når du parkerer.
Vi håper plassen vert til glede og ynskjer alle god tur. Hugs å stenge grinda etter deg!
Odd Myklebust, Kenneth Eikrem og Atle Midtbø.
Øyvind Eikrem i Eikrem Maskin og Odd Myklebust.
Resultat Blåfelden Rett Opp 2016.
Postet av Syvde IL den 22. Jun 2016
Referat henta frå Kondis.no:
Høydahl og Wangensteen vant fantastisk Blåfelden rett opp
Sigve Høydahl og Guri Wangensteen vant Blåfelden rett opp. 74 til start og ny deltakerrekord i konkurranseklassen.
Flott vær.
Sola skinte men en kald vind preget sentrum før start. Da sa ryktene at på toppen var det mindre vind og det stemte godt. En fantastisk opptur på Blåfelden.
Deltakerrekord i konkurranseklassen.
Over 70 deltakere stilte til start i konkurranseklasssen. Tallene for mosjonsklassen var også særdeles bra. Det var mye folk på Blåfelden denne flotte lørdagen. Status til slutt ble at 294 stilte i konkurranse - og mosjonsklassen tilsammen.
Herreklassen.
Sigve Høydahl fra Bærum, nå turnuslege i Volda, vant med tiden 40:39. Det er en god tid, men godt bak løyperekorden satt av Øyvind Heiberg Sundby tilbake i 2011 med tiden 37.56. Andreplassen i år tok Bjørn Ole Vassbotn, Volda med tiden 42:05. Tredjeplassen gikk til Dag-Henry Nilsen, Varegg med tiden 43:00.
Dameklassen.
Guri Wangensteen, Fiskå vant på tiden 52:06. Andreplassen tok Hege Ringdal, Sunnylven med tiden og 52:28. Tredje dame ble Tonje Brande, Ålesund med tiden 53:54.
Lagkonkurransen.
Med stor økning i deltakelsen, spesielt i herreklassen. Blant herrelagene vant team Idrett, stikker og blikk (idrettslærere, en stikker og blikkenslager, er forklaringen på navnet). Andreplassen gikk til Marine Harvest og tredjeplassen gikk til Åheim/Vankam/ÅVK .
I dameklassen vant det eneste laget som stilte, som var uteTRENing med puls.
Lagkonkurranse Blåfelden Rett Opp 2016
Postet av Syvde IL den 10. Jun 2016
Vinnarlaget i Lagkonkurransen 2016: Team Idrett, Stikker & Blikk. Foto: Martin Hauge- Nilsen.
Lagkonkurranse MENN 2016 | ||||
Team namn | Namn | Tid | Total | |
1 | Idrett, Stikker og Blikk | Arve Haugland | 00:45:42,5 | 2:26:35 |
Terje Åmelfot | 00:47:02,7 | |||
Martin Hauge- Nilsen | 00:53:49,9 | |||
Bård Ringstad | N/A | |||
Øyvind Myklebust | DNF | |||
2 | Marine Harvest | Fredrik Hovdevik | 00:46:24,5 | 2:33:42 |
Asgeir Hasund | 00:51:57,0 | |||
Anders Bakkebø | 00:55:20,7 | |||
3 | ÅVK | Ole Petter Storeide | 00:50:38,6 | 2:36:19 |
Anders Bellen | 00:51:18,4 | |||
Oskar Vik | 00:54:22,2 | |||
Robert Midtbø | N/A | |||
4 | Hakallestranda Kondisjonslag | Harald Svein Nystøyl | 00:51:33,2 | 2:38:29 |
Sigbjørn Emblem | 00:52:16,0 | |||
Gunnar Emblem | 00:54:40,3 | |||
5 | Politiet Ålesund | Karl Idar Vik | 00:48:24,1 | 2:42:10 |
Per Ivar Hovden | 00:54:44,6 | |||
Martin Upsaker Kristiansen | 00:59:01,7 | |||
6 | Politihøgskolen | Hallgrim Hovda Haugen | 00:53:37,0 | 2:42:45 |
Lennart Hauge | 00:53:40,1 | |||
Øystein Haram | 00:55:27,8 | |||
7 | Sandal skiskole | Magne Arne Helland | 00:53:22,5 | 2:45:17 |
Geir Sandal | 00:54:28,3 | |||
Arne Fossheim | 00:57:26,5 | |||
8 | NTNU Automasjon | Sigurd Eikrem | 00:55:29,5 | 2:50:06 |
Anders Midtbø | 00:55:30,5 | |||
Fredrik Midtbø | 00:59:06,0 | |||
Kristian Salvesen Homdrom | N/A | |||
Lagkonkurranse DAMER 2016 | ||||
1 | uteTRENing med puls | Karoline Lundås | 01:03:14,0 | 03:26:37 |
Sølvi Midtbø | 01:10:47,1 | |||
Aud Oddveig Nygård | 01:12:35,5 | |||
Oddbjørg Vik Nordal | N/A |
Resultat Blåfelden Rett Opp 2016
Postet av Syvde IL den 4. Jun 2016
Her er komplette lister over konkurranseklasser og mosjon:
Sparebanken Møre MotbakkeCup 2016
Postet av Syvde IL den 22. Mai 2016
Sparebanken Møre Motbakkecup
Blåfelden Rett Opp inngår i Sparebanken Møre Motbakkecup 2016. Dette er Møre og Romsdal Friidrettskrets sin motbakkecup med Sparebanken Møre som sponsor.
I alt 6 motbakkeløp inngår i cupen:
- 4. juni Blåfelden Rett Opp Syvde IL
- 24. juli Mefjellet Opp Valldal IL
- 6. august Saudehornet opp Ørsta IL
- 14. august Melen Opp IL Bryn
- 10. september Klauva opp Måndalen IL
- 1. oktober Saksa opp Halsa IL
To klasser for damer og to klasser for herrar. Fire av seks løp i cupen tel for samanlagtpremiering. Pengepremiar til dei tre beste i kvar klasse, kr 5000, kr 3000 og kr 2000. Premie til dei som deltek i alle løpa.
Ann Kristin Flatland til Blåfelden.
Postet av Syvde IL den 11. Mai 2016
Tidlegare skiskyttar Ann Kristin Flatland.
Idrettslaget har som tradisjon å invitere ein idrettskjendis, helst ein tidlegare verdsmeister til å kaste glans over Blåfelden Rett Opp. I år har vi fått ja ifrå ein kvinneleg idrettsutøvar som mange har sett på fjernsyn nyleg, der ho kjempa seg frå Lindesnes til Norkapp i "71*N- Norges tøffaste kjendis."
Ho debuterte som skiskyttar i verdscupen i 2003. Ann Kristin som er frå Vik i Sogn beskriver karriera som ei fantastisk reise med både oppturar og nedturar. Høgdepunkta er VM gull i stafett i 2011 og 2013, VM sølv i 2010 og VM bronse frå Anterselva i 2007. Som småbarnsmor var ho med og tok Olympisk bronsemedalje i Sotsji i 2014. Etter NM på Voss i 2014 valgte ho å prioritere familie og parkerte både langrennski og børse. Idag er Ann Kristin mor til to og iferd med å avslutte sin lærarutdannelse.
Ann Kristin i farta opp Strandåtindtraversen på Kjerringøy. Foto Einar Engdal
Ann Kristin kom i mål på Nordkapp som nummer tre, og vil du måle krefter med henne stiller du til start i årets Blåfelden Rett Opp. Ho vil også delta under premieutdelinga i Kosteteltet.
http://www.tvnorge.no/programmer/71-nord-norges-t-...
Triveleg, men grått under Øverbergrondå.
Postet av Syvde IL den 7. Apr 2016
Litt grått ver la berre ein liten dempar på Øverbergrondå som vart arrangert på Skjærtorsdag 24. mars. Lette snøbyger og litt sur vind på Rota til tross, 84 personar med smått og stort registrerte seg i varmestova på Øverberg. Ikkje alle brydde seg med å delta i turrennet so talet på skiløperar i løypene var nok høgare. Det var mange unge skiløperar som deltok i årets Øverbergronde og det er positivt for skisporten. Løypene var av ypperste kvalitet og området er som kjendt godt egna for barnefamilier.
Nokre stoppa ved gapahuken ved Nakkevadet og der var det fyr i bålpanna. Det vart ikkje deltakarrekord, det skuldast nok veret men idrettslaget er godt fornøgde med oppslutninga.
Her er lista over dei som deltok: Deltakarar Øverbergrondå 2016.pdf
Lagkonkurranse Blåfelden Rett Opp
Postet av Syvde IL den 7. Apr 2016
Til no har det vore mogleg for ansatte i same bedrift å melde seg på i vår Bedriftskonkurranse. Vi veit at ved fleire høve har det vore problem med å finne tre personar med same arbeidsgivar til å danne eit lag. I år har vi gjordt ei endring og lanserer derfor ein Lagkonkurranse under årets løp 4. juni 2016.
Lagkonkurransen vil erstatte den tidlegare Bedriftskonkurransen, ei endring som vil gjere det enklare for deltakarar å stille lag. Vi trur også at lista for å delta i konkurransen ligg lavare når ein kan delta på eit lag. Eit lag kan bestå av løperar som f.eks:
- jobbar ilag i ei bedrift
- går i same klasse
- er medlemar i eit idrettslag
- spelar fotball ilag
- er med i ei trimgruppe
- er i ein venninegjeng
- er studiekameratar
- er tre gode naboar
- vil utfordre seg sjølv
- ikkje har delteke i konkurranse før men har lyst til å prøve
Einaste kravet vi set er at laget består av min. 3 personar, og for at konkurransen skal vere rettferdig konkurrerer vi med damelag og herrelag. Skulle eit lag bestå av fleire enn tre vil tidene til dei tre beste vere gjeldande, og vi premierer dei beste dame/ herrelaga. Alle som deltek i lagkonkurransen deltek sjølvsagt også med individuelle resultat.
Nyheita om Lagkonkurranse vart godt motteken blandt gutta i Sunnmøre Politidistrikt som har delteke begge åra Bedriftskonkurransen har eksistert. Dei gler seg til ein hardare konkurranse og ein gjevare premie å vinne. På biletet ser vi Per Ivar Hovden, Christoffer Alnes og Karl Idar Vik med pokalen flankert av brødrene Anders og Jørgen Aukland.
Blåfelden Rett Opp 4. juni
Postet av Syvde IL den 19. Mar 2016
Vi er godt igong med planlegginga til årets opptur "Blåfelden Rett Opp" og håper mange merker av laurdag 4. juni i kalendaren sin. Vi trur at våren er komen til Blåfelden inntil då, slik at du kan sitte i lyngen og velfortjent nyte den luftige utsikta. Ifjor sette vi ny deltakarrekord i konkurranseklassa sjølv om kraftige snøbyger prøvde å gjere livet utriveleg for både funksjonærar og deltakarar. Om det vert ny rekord iår står igjen å sjå, men mange frivillige står klar til å gjere sitt til at Blåfelden Rett Opp vert ein folkefest.
I år vil løpet vere den siste formtesten for dei som skal delta i Motbakkecupen som startar helga etterpå. Påmeldingskjema for årets løp finn du bl. a. bak denne linken.
uteTRENing med puls.
Postet av Syvde IL den 17. Feb 2016
Tirsdag 23.februar kl. 19.00 (i vinterferien) startar vi opp med uteTRENing for treningsglade damer.
Målet med treninga er at den skal vere enkel men hard, -at alle får trene hardt utifrå sitt utgangspunkt og at vi kan "pushe" kvarandre til å yte litt meir enn når vi trenar åleine.
Du treng ikkje vere supersprek for å begynde (kanskje vi kan bli det?), men det er ein fordel om du har trena litt tidlegare, og at du kjenner til enkle øvelsar som knebøy, pushup, spensthopp, planke ol. Du må også vere positivt innstilt til kondisjonstrening som korte intervallar, rask gange i motbakke og sirkeltrening/styrketrening.
Aud Nygård, Sara Larsson og Siv Vik vil vere ledarar. Vi vil understreke at vi ikkje har noko spesialkompetanse innan utetrening, men vi er treningsglade og vil bidra med den kompetansen vi har.
Utstyr: matte/sitteunderlag, haudelykt, stavar, vekter/vannflaske og hanskar.
Pris: Gratis for medlemar i Syvde IL. Medlemskap vaksen: 200 kr.
Treningsområde: Vil variere etter årstidene, de får info om oppmøteplass etterkvart.
Vi satsar på å trene tirsdagane frå kl 19-20.
VI TRENAR UANSETT VÆR OG FØRE !!
Vi gler oss og ønsker treningsglade damer frå alle bygdene våre hjerteleg velkomne!
SJÅ EIGA GRUPPE: uteTRENing med puls
https://www.facebook.com/groups/188868391476363/
Fjellgeiter og Fjellbukkar
Postet av Syvde IL den 10. Feb 2016
Dei sprekaste i Fjelltrimmen 2015: Bak f.v. Marius Wik Asklund, Joar Takset, Sølvi Midtbø. Foran f.v. Anna Kristin Ø. Thue og Pål Wik Asklund. Alle fekk kvar sitt porselenkrus med bilete av seg sjølv i trivelege omgivelsar.
Det var veldig bra oppmøte på kantina til Syvde Samfunnshus då idrettslaget kåra dei sprekaste i Fjelltrimmen 2015. Det beste ville vore om kåringa kunne skje utandørs, på ein eller anna fjelltopp med so mykje spreke folk til stades. Men av mange ulike årsaker lukkast vi ikkje med det, og då vart kantina løysinga. Fjeltrimmen har hatt ein nedgang i registreringane siste året (3472). Vi trur det skuldast ein sein vår og ein skoddevåt og dårleg sommar. Vi håper deltakinga tek seg opp igjen i år, for Fjelltrimmen gjer godt for kropp og sinn.
Årets Fjellgeit vart Sølvi Midtbø (3) 358 p. Ho har sjølvsagt besøkt alle postane fleire gongar og har vore ekstra flittige på Lisjeblæja (11) Sandfjelltua (8) Svartetua (6) Myrkevasstinden (5) Blæja (3) Vassdalsbu (10).
Årets Fjellbukk vart Joar Takset (3) 584 p. Han har lagt sin elsk på Svartetua (59) Blæja (4) Myrkevasstinden (3) Sandfjelltua (7) Lisjeblæja (3) og Høgenipa (6).
Junior Fjellgeit Anna Kristin Øvregård Thue 193 p. har besøkt alle postane. Junior Fjellbukk vart brødrene Pål (121 p) og Marius Wik Asklund (81 p).
John Willy Klungre vart den lukkelege vinnaren av COOP hotellweekend sponsa av COOP Marked Syvde og Idrettslaget.
For fyldig resultatlister sjå: FJELLTRIMMEN- RESULTAT OG BILDEGALLERI- FJELLTRIMMEN 2015.
TRAKKEMASKINTRØBBEL
Postet av Syvde IL den 28. Jan 2016
Under preparering av løype til Vassdalsbu på søndag 24 januar, fekk vi problem med trakkemaskin på veg tilbake til Øverberg. I følge Rolf Åge kom det alarm på det hydrauliske trykket og han stoppa maskina umiddelbart. Etter litt feilsøking vart det oppdaga spon i eit oljefilter og det syner seg at ei av hydraulikkpumpene har skåre seg. Kva pumpe det er snakk om veit vi ikkje. Fyrst må maskina tauast tilbake til Øverberg før vi kan starte demontering av pumpene. Dette vil nok ta litt tid og det er uråd å seie når maskina er operativ igjen. Det er sjølvsagt leveringstid på deler eller evt. ny pumpe, derfor vert truleg maskina ute av drift i fleire veker.
Snøscooteren som idrettslaget eig har ikkje vore i bruk på fleire år. Den vert no klargjordt og skulle det kome snø so skal vi prøve å køyre løype inn til Vassdalsbu. Det vert sjølvsagt ein heilt anna standard på løypene enn det som vi har vore vande til, og vi håper at driftstoppen ikkje vert langvarig.
ÅRSMØTE
Postet av Syvde IL den 13. Jan 2016
Det vert årsmøte i Syvde Idrettslag på tirsdag 9. februar kl 20.00 på kantina Syvde Samfunnshus.
Det skal vedtas ny lovnorm for idrettslaget i tillegg til vanlege årsmøtesaker. Valnemda legg fram si innstilling til årsmøtet. Det vert enkel servering.
Styret.