Steig og Orset vann Blåfelden 24.

Postet av Syvde IL den 3. Jun 2024



Video med høgdepunkta frå Blåfelden Rett Opp 2024


Geir Steig frå Luster IL- La Sportiva, Norgesmester i motbakkeløp 2023 vann Blåfelden Rett Opp 2024 med tida 38:56.

Eg trur kanskje den flate kilometeren i starten var ein fordel for meg, sa Steig etter løpet, sjølv om det også opp gjennom sida såg ut som han var den som heldt hjula best i gang. Han kom i mål eit minutt og tjue før sterke Øystein Ulekleiv frå Dombås, medan nummer tre vart Erik Vadla frå Sandnes IL, som studerer i Volda.

Geir Steig i midten omkransa av Erik Vadla (f.v) og fjordårets vinnar Øystein Ulekleiv til høgre.

Ida Brakstad Orset vann kvinneklassa med tida 49:28. Ida representerer Romsdal Randoneeklubb og sprang i klasse 15-17år. Ho har bl.a. delteke i VM i skyrunning i ungdomsklassa.

I kvinneklassa låg unge Orset lenge bak den «lokale» favoritten, Guri Wangensteen t.v, men mot slutten passert både ho og Ingrid Klokset t.h. frå Tomrefjord Wangensteen og sprang inn på 49.28 og 49. 53. Wangensteen si beste tid opp Blåfelden er på 49:24 ifrå 2014 og ti år etter sprang ho altso på 51.16 som er ei knallsterk tid. Wangensten jobber som veterinær og under premieutdelinga kom det fram at ho skulle på jobb for å insiminere ei ku, men fyrst skulle ho springe Blåfelden.

Det var ein skoddevåt og sur dag under Blåfelden Rett Opp 1. juni 2024. Tørt og fint i sentrum men frå 650 moh dreiv skodda. Bra påmelding i konkurranseklassa med 47 påmeldte der 44 stk fullførte. I Mosjon- turklasse deltok 72 stk. I lagkonkurransen stillte tre lag.

I Lagkonkurransen tok Rusten Kondisteam sigeren, F.v. Bjørn Ove Aaland, Karl Idar Vik, Steinar Lade og Inge Lade. Det må nemnast at dei tre sistnemde er frå Syvde. 

Her ser vi Rusten Kondisteam i midten med nr .2 Ersvågs Stoltheit f.v med brødrene Anders, Torstein og Håvard Veum frå Aurland, t.h lag nr 3.Eikrem de la Creme med Sigurd- Terje og Gunnar Eikrem frå Syvde IL. Blåfeldgeneral Atle Midtbø var ikkje heilt fornøgde med innsatsen til sine lokale heltar sidan han påsto at han var deira personlege trrenar.

Klassevinnerane i kvinneklassa i rekkefylgje, Elisabeth Reksnes var ikkje til stades.

f.v: Eirik Moltubakk Vik, Simon Falk Skodjevåg, Aron Vonheim, Geir Steig, Andreas Skylstad,Terje Åmelfot, Gunnar Karl Emblem, Asbjørn Ekerhovd, Terje Eikrem og Gunnar Eikrem.


RESULTATLISTER 2024

Blåfelden Rett Opp 2024 Kvinner.pdf

Blåfelden Rett Opp 2024 Herrer.pdf

Blåfelden Rett Opp 2024 Klasser.pdf

Blåfelden Rett Opp 2024 Lagkonkurransen.pdf

MOSJON TURKKLASSE 2024.xlsx



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.