OL heltar til Blåfelden Rett Opp
Postet av Syvde IL den 22. Mai 2018
![](https://azure.content.bloc.net/redactor/200000195/1460/2018/5/22/f4b3d160-7fc6-42e1-8280-0ba4bf62821d.jpg?width=1024&quality=90)
Thomas Alsgaard, Anders Aukland, Frode Estil og Kristen Skjeldal
I samband med 10 års jubileumet slår vi på stortromma og gjenforener heltane frå stafettlandslaget under OL i Salt Lake City 2002. Desse karane dominerte langrennsporten i mange år, med fleire OL og VM- gullmedaljer der skikongen Thomas Alsgaard er den største grossisten. Dei har for alltid skreve seg inn i Norsk OL- historie og det var stort for oss i Syvde Idrettslag, då vi lanserte ideen om gjenforening av laget og dei takka ja. Det har ikkje byd seg noko anledning for dei til å treffast etter at dei slutta på landslaget, men no skjer det altso. På Blåfelden Rett Opp under Kosterikjedagane!
Karane er fortsatt i god form og Anders er nok den som er mest aktiv. Han signerte i vår for tre nye sesonger som langrennsløper på toppnivå https://www.langrenn.com/uttak... og er i desse dagar på Grønland ilag med broren Jørgen for å prøve seg på å sette verdensrekord i kryssing av Grønland. Den gamle rekorden er på 6 dagar og 22 timar. Du finn bloggen deira her https://auklandmetoden.no/even... Vi kryssar fingrar og håper dei kjem i mål før tidsfristen og at Anders har igjen litt saft i beina til råsa opp på Blåfelden.
Dei stiller til start under Blåfelden Rett Opp 2. juni 2018, som individuelle løperar og som lag. ( Ikkje stafettlag slik dei er vandt med :-)
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Syvde IL
![Steig og Orset vann Blåfelden 24.](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/1460/2024/6/3/2.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Steig og Orset vann Blåfelden 24.
03.06.2024
![Årsmøte i Syvde IL 2024](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1460/2024/3/3/syvde-il.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Årsmøte i Syvde IL 2024
03.03.2024
![Blåfelden Rett Opp 2024](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1460/2024/1/14/xtcge2364.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Blåfelden Rett Opp 2024
14.01.2024
![Premieutdeling fjelltrimmen 2023](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1460/2023/11/27/317a2136-e606-4436-b97c-ebcbce66f873.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Premieutdeling fjelltrimmen 2023
23.11.2023
![Syvde IL arrangerer familebading på onsdagar](https://azurecontentcdn.bloc.net/froala/200000195/1460/2023/10/11/lavi-perchik-1qcsgzvekkq-unsplash.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Syvde IL arrangerer familebading på onsdagar
11.10.2023
![Ny sesong med fjelltrimmen!](https://azurecontentcdn.bloc.net/blog/200000195/1460/2023/10/2/sandfjelltua.jpg?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Ny sesong med fjelltrimmen!
02.10.2023