Øverbergrondå i fin stil.
Postet av Syvde IL den 5. Mar 2018
Flotte forhold under den åttande Øverbergrondå som vart arrangert søndag 4. mars. Det vart køyrt opp løyper frå Øverberg innover til Slivatnet og Heimesætrane, vidare over Vareggja og Huldreløypa som slyngar seg over Hellebustfjella, innom Vassdalsbu og tilbake til Øverberg. Over 2 mil med løyper i eit fantastisk flott turterreng. Det var sol og vindstille heile dagen men mange, mange fleire enn dei 67 påmelde burde ha vore til fjells denne dagen.

Runar og Magnus Vik, Anders Midtbø, Siv Vik, Gunnar Eikrem, Sølvi Midtbø, Kim Tonny Røys og Amalie Ervik Røys har nettopp registrert seg på kontrollposten ved Slivatnet og er klar til å fortsette turen til Vassdalsbu. Ved Vassdalsbu hadde Røde Kors med heile sin ekvipasje base, og serverte bålkaffi og dei demonstrerte korleis elektroniske skredsøker fungerte.
Resultalister Øverbergrondå 2018.pdf
Her er litt fleire bilder frå Øverbergrondå 2018:






Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Syvde IL

Øverbergrondå 2023 - AVLYST
16.03.2023

Årsmøte i Syvde IL
12.02.2023

Blåfelden Rett Opp 2023
08.02.2023

Fjelltrimmen 2022
19.12.2022

Premieutdeling fjelltrimmen 2022
29.11.2022