Arkiv
Ny sesong med fjelltrimmen!
Postet av Syvde IL den 31. Aug 2022
Den 1. september startar ny sesong av fjelltrimmen. Nytt for sesongen er at berre registreringar gjort av medlemar i Syvde IL gjennom Georeg vert registrert i fjelltrimmen. Alle postane vil framleis ha besøksbøker der ein kan skrive namnet sitt. Vi oppmodar også dei som registrerer seg i Georeg til å bruke desse bøkene. Når det gjeld junior opp til og med 15 år, vert framleis registrering i fjelltrimmen gjort med utgangspunkt i bøkene.
Her finn du oversikt over alle postane i fjelltrimmen.
Er du usikker på korleis Georeg fungerer? Her finn du brukarrettleiing og hjelp til å kome i gong.
God tur frå Syvde IL!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.