Øverbergrondå i fin stil.

Postet av Syvde IL den 5. Mar 2018

Flotte forhold under den åttande Øverbergrondå som vart arrangert søndag 4. mars. Det vart køyrt opp løyper frå Øverberg innover til Slivatnet og Heimesætrane, vidare over Vareggja og Huldreløypa slynga seg over Hellebustfjella, innom Vassdalsbu og tilbake til Øverberg. Over 2 mil med løyper i eit fantastisk flott turterreng. Det var sol og vindstille heile dagen men mange, mange fleire enn dei 67 påmelde burde ha vore til fjells denne dagen. 

Runar og Magnus Vik, Anders Midtbø, Siv Vik, Gunnar Eikrem, Sølvi Midtbø, Kim Tonny Røys og Amalie Ervik Røys har nettopp registrert seg på kontrollposten ved Slivatnet og er klar til å fortsette turen til Vassdalsbu.  Ved Vassdalsbu hadde Rødekors med heile sin ekvipasje base og serverte bålkaffi, og dei demonstrerte korleis elektroniske skredsøker fungerte. 

Lensmann Tormod Hvattum bruker løypene på Øverberg skisenter so ofte han kan. Han deltok i sin femte ronde og hadde kvalitetssikra løypene då han ankom Vassdalsbu. Han klaga litt på løypene, dei var forperfekte. 

Resultalister Øverbergrondå 2018.pdf

Her er litt fleire bilder frå Øverbergrondå 2018: