Blåfelden Rett Opp 2022

Postet av Syvde IL den 21. Nov 2021

Med denne buketten av spreke damer, som alle er klassevinnerar frå 2018, omkransa av spreke langrennsløperar som i 2002 tok gull i OL Salt Lake, ynskjer vi velkomen tilbake til

 Blåfelden Rett Opp 11. juni 2022

Etter to års Coronapause gler vi oss til å møte igjen alle dei spreke motbakkeløperane som har både gode og mindre gode minner frå den bratte løypa opp til Blåfelden. Vi ynskjer spesiellt velkommen alle som vil delta i løpet for fyrste gong. Det ventar ein varm velkomst på Blåfelden :-)

Det vert eit tradisjonellt løp der bygdedagane i Syvde, Kosterikjedagane lagar ei unik ramme rundt arrangementet.

 




Johanna Åstrøm, Dynafit Sverige, er den raskaste dama som innehar den knallsterke løyperekorden 42.51 som ho tok siste løpet vart arrangert i 2019. Løyperekorden for menn, som Thorbjørn Ludvigsen, Varegg tok i 2018 på 35.48 virker uslåelig. Mange har klart å kome under den magiske grensa på 40 minutt: Arve Rindal, Anders Aukland, Jann Olav Tjønneland, Simen Østensen, Øyvind Heiberg Sundby, Kristen Skjeldal, men det er fortsatt lange minutt til Thorbjørn sin løyperekord.

Blåfelden Rett Opp inviterer også neste år til den tradisjonelle Lagkonkurransen, der ein vennegjeng, treningsgrupper, idrettslag, klubbar m.m. kan stille som lag med minimum tre deltakarar. Vi konkurrerer med reine dame og herrelag, og på biletet ser vi damelaget frå arr.klubben Syvde IL i 2018. Det har ikkje vore det store engasjementet frå damer i lagkonkurransen, då er det desto hardare kniving blandt herrane. 

Vinnerane i lagkonkurransen 2018, Røverane hevar den gjeve Blåfeldpokalen mot himmelen, foran Team Salt Lake 2002 og på tredje Linge- familien frå Valldal. 

Då møtast vi til eit Coronafritt Blåfelden Rett Opp 11. juni 2022, og har du ikkje byrja trene enno so er det tida for det no. Vel møtt!!





Syvdingar sykla Birken 2021

Postet av Syvde IL den 8. Sep 2021

Frå v: Gunnar Eikrem, Arild Midtbø, Evelyn Midtbø, Steinar Arne Nordal, Oddbjørg Vik Nordal, Kåre Nygård, Siv Vik, Runar Vik, Aud Nygård, Framme: Terje Eikrem. Foto: Mari- Ann Halse Eikrem.


Birkebeinerrittet 2021 vart arrangert laurdag 28.august.  Frå Syvde idrettslag var det ein fin gjeng på 10 syklistar  som stilte til start.  Etter at rittet i 2020 måtte avlysast pga Covid 19 pandemien, var det i  år redusert antal  som fekk stille til start.  Knapt 4000 deltakarar sykla over fjellet dei 86 kilometerane frå Rena til Lillehammer.  Tørre og fine forhold og ganske støvete parti som ein fekk  kjenne i halsen etterpå.


Siv og Runar Vik er  debutantar og er bitt av «sykkelbasillen», dei var med i sitt første Birkebeinerritt og gjennomførte med stil.

 Oddbjørg Vik Nordal står her klar til start, og ho sykla inn til sitt 6.merke og ho fekk også premie for 10 års deltaking.

Oddbjørg og Steinar markerte sitt jubileum ved å sykle over målstreken hand i hand. 10 Birkebeinerritt er fullført! I lag med desse to kunne Aud Nygård også vere fornøgd med 10 års deltaking i rittet.

Blide syvdedamer i sola, fulle av pågangsmot før start. Siv- Evelyn og Oddbjørg.


Birkebeinerrittet 2021

Resultatliste:

 

Terje Eikrem                                         4.04.17                 

Gunnar Eikrem                                     4.18.44

Siv Vik                                                  5.08.25

Runar Vik                                             5.08.25

Evelyn Ystebakk Midtbø                     4.58.42

Arild Midtbø                                       4.58.42

Aud Oddveig Nygård                         5.39.02                                 

Kåre Nygård                                       4.09.30

Oddbjørg Vik Nordal                         4.33.58

Steinar Arne Nordal                           4.33.58


Terje Eikrem var den raskaste syvdingen over fjellet, her har det vore lagt ned eit godt treningsgrunnlag og vi gratulerer med sterk tid. Det lukkast ikkje å få bilete av Terje ålaine men vi har bilete av kaka som kona Åse hadde baka til han når han kom heim. :-)






Premiering Fjelltrimmen 2020

Postet av Syvde IL den 14. Feb 2021

Frå venstre: Premieutdelar Brede Brudevoll, junior Fjellgeit Sofie Ervik Røys, Fjellbukk Frode Myrvoll, Fjellgeit Tone Drage Sørdal og hotellweekend vinnar Atle Midtbø.


 Premiering av spreke fjellfolk 2020 fjelltrimmen i Syvde IL. Det vart ei enkelt samling i lavlandet da verken været eller corona tillet turer i høgda eller store folkemengder. Det vart fyrt bål i gapahuken ved Myklebust skule og enkel servering av gløgg.   

Frode Myrvoll beheldt trona og tok sin tredje fjellbukk tittel. Med heile 2160 poeng og totalt 151 turar. Flest gonger har han våre på Høgenipa og Tryggesteinen.  

Tone Drage Sørdal tar over trona som fjellgeit med 990 poeng og 76 turar. Flest turar til Tryggesteinen, Høgenipa og Bjørnen. 

Spreke juniorer har vi også. Årets junior fjellgeiter er William Eikrem Nordmark, Sofie Ervik Røys, Magnus Vik Nordal og Anna Kristin Thue. 

William imponerer da han ikkje engong er heimehørende i Vanylven, men tek alle postane når han er her på ferie.  

Alle premieres med gåvekort fra XXL.  

Vi trekker også en heldig vinner av Coop hotellkupp til en verdi av 1800kr, sponset av Coop marked Syvde og Syvde IL. Blant de som har tatt alle postane iløpet av sesongen er årets heldige vinnar, Syvde IL patriot og Blåfelden general Atle Midtbø. 

Vi gratulerer alle vinnarane og håper på god deltakelse også i neste sesong av fjelltrimmen. 

William Eikrem Nordmark, Magnus Vik og Anna Kristin Thue var ikkje til stades under premiering.

Resultat Fjelltrimmen 2020.pdf



Blåfelden Rett Opp 2021

Postet av Syvde IL den 3. Jan 2021

AVLYST P.G.A. CORONA!! Det var flotte forhold på Blåfelden den dagen løpet skulle arrangerast i 2020, men det sette som kjendt covid-19 ein effektiv stoppar for. Team Blåfelden satsar på at Blåfelden Rett Opp kan arrangerast som normalt i 2021 og ilag med nemda for Kosterikjedagane har vi har sett av helga 11-13 juni. Vi har eit ørlite håp om at verda er på veg til å verte normalisert til den tid, slik at vi kan arrangere Blåfelden Rett Opp som den folkefesten løpet er. Torbjørn Ludvigsen, Varegg har løyperekorden på 35:48, ein sterk rekord som han sette i 2018. I 2019 sette Johanna Åstrøm, Dynafit, Sverige løypereord for damer på knallsterke 42:51. Vi ynskjer nye og gamle rekordhalderar og alle andre som er glad i bratte fjelløp hjarteleg velkomne til Syvde og Blåfelden Rett Opp 2021, og datoen for løpet er 12. juni.