TRAKKEMASKINTRØBBEL

Postet av Syvde IL den 28. Jan 2016

Under preparering av løype til Vassdalsbu på søndag 24 januar, fekk vi problem med trakkemaskin på veg tilbake til Øverberg. I følge Rolf Åge kom det alarm på det hydrauliske trykket og han stoppa maskina umiddelbart. Etter litt feilsøking vart det oppdaga spon i eit oljefilter og det syner seg at ei av hydraulikkpumpene har skåre seg. Kva pumpe det er snakk om veit vi ikkje. Fyrst må maskina tauast tilbake til Øverberg før vi kan starte demontering av pumpene. Dette vil nok ta litt tid og det er uråd å seie når maskina er operativ igjen. Det er sjølvsagt leveringstid på deler eller evt. ny pumpe, derfor vert truleg maskina ute av drift i fleire veker.

Snøscooteren som idrettslaget eig har ikkje vore i bruk på fleire år. Den vert no klargjordt og skulle det kome snø so skal vi prøve å køyre løype inn til Vassdalsbu. Det vert sjølvsagt ein heilt anna standard på løypene enn det som vi har vore vande til, og vi håper at driftstoppen ikkje vert langvarig.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.