Blæja 1142 m.o.h.

Postet av Syvde IL den 12. Aug 2015

Blæja 1142 m.o.h.




Utsikt frå det høgste fjellet i Vanylven, Blæja 1142 moh.

Lettaste vegen til Blæja er frå Dansen seter i Dalsfjorden men då får du ein biltur på over 2 timar i tillegg. Vil du gå ifrå Syvde går du merka løype frå Lisjerøfsdalen til Lisjeblæja, vidare langs Blæjeggja til Blæja. Når du nærmar deg Blæja vert terrenget brattare, går du Klungrepassasjen forserer du nokre fjellknauser og derfrå er ruta god å gå til toppen. Frå Blæja kan du fortsette merka løype vidare til Myrkevasstinden og til Kvanndalen på Nordalsfjellet. Du kan også gå den merka rundturen med start på Røfsdalsætra til Lisjeblæja- Blæja- Myrkevasstinden- Sandfjelltua med retur til Røfsdalsætra, ein populær rundtur som har fått namnet "4 over 1000".

Alternative ruter: Umerka rute langs Blæjevatnet, umerka rute opp Jolehornet, eller frå Joledalen og fylgje den innteikna ruta på biletet under. Likar du ein luftigare tur kan du gå Blæjeeggja frå Lissje Blæja som vi ser på bildet over.

GPS- fila til ruta "4 over 1000" finn du HER



GPS - fila til Blæja langs Blæjegga finn du på MOROTUR





Ei alternativ rute til Blæja er innteikna på biletet til venstre. Dette er nok den raskaste ruta til Blæja med start frå Joledalen. Ei bratt og tung rute. På biletet ser vi nokre karar som gjekk ruta ein sommarkveld i 2009 med retur ned Jolehornet. foto Atle Midtbø.





I 2012 vart det gjordt alvor av ideen om å merke og rydde rås langs Blæjeeggja. Det vart flytta ein del stein under arbeidet. Dugnadsgjengen tek her pause til ære for fotografen i arbeidet med merking og rydding av råsa langs eggja. Foto: Atle Midtbø



Den finaste utsikt i Vanylven kommune finn du frå toppen av Blæja.


Klungrepassasjen er eit av dei brattaste områda på turen langs Blæjeeggja. Går ein mange i fylgje er det viktig å vere obs på laus stein.






Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.