Høgenipa 1097 m.o.h.

Postet av Syvde IL den 12. Aug 2015

Høgenipa 1097 m.o.h.




Varden på Høgenipa var utrasa men vart oppmura på nytt seinsommaren 2011. Foto Sølvi Midtbø




GPS - fila til Høgenipa finn du på MOROTUR


Høgenipa er, sett frå Syvde og andre av bygdene i Vanylven, ein pyramideforma topp. Høgenipa er eit av dei mest kjende fjella i kommunen. Dette er ein flott tur i lett terreng, også for dei som ynskjer å gå til topps med skifellar og kunne renne ned igjen utan å møte motbakkar. Frå toppen er det flott utsikt mot nord, vest og sør. Det er fleire alternative ruter til toppen av Høgenipa. Den nordlege ruta med rutenummer 45 er den mest brukte. Til tider kan det vere kaldt og isete det siste stykket opp mot toppen. Den sørlege ruta med rutenummer 45 c har oppstigning på sørsida av toppen, og ofte er det mindre isete der enn i oppstigninga på nordsida av toppen.
Høgenipa og parkeringsplassen sett frå Syvde.

Avhengig av kor langt ned mot Syvde snøen ligg kan ein enten starte på toppen av bomvegen, eller lenger nede. Midtvinters må ein rekne med å starte heilt nederst på bomvegen.

Bomvegen startar på Landsverk. Ta av mot Nordal eit par hundre meter nord for sentrum i Syvde. Følg dalen og ta av til venstre over ei bru etter 2,3 km. Ta til venstre rett etter brua og køyr 200 meter til starten av bomvegen.

Når ein er komen til den øvre enden av bomvegen går ein i forholdsvis rett linje mot aust, og svingar etter kvart meir søraustover mot toppen. Frå parkeringsplassen er det skilta og godt merka rås til Trygesteinen.
Det er godt merka rås frå Trygesteinen til Høgenipa, og den vanlege vegen er her inntegna. Foto Atle









Frå Høgenipa er det fin utsikt og du kan forsette vidare f.eks. mot Dalsfjorden til Moleggja. Foto Atle



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.