Lisjeblæja 1032 m.o.h.

Postet av Syvde IL den 12. Aug 2015

Lisjeblæja 1032 m.o.h.



Solnedgang frå Lisjeblæja medan Syvdsfjorden sakte vert fyllt med havskodde.

Toppen av Lisjeblæja er ein av dei mest særprega fjelltoppane sett frå Syvde, og turen til toppen er lett og kan nåast av dei fleste. Ein kan nå toppen via andre ruter, men turen via Lisjerøfsdalen er den vanligaste og lettaste ruta. Lisjeblæja med sine 1032 moh er eit fint utsiktspunkt og det er ein stor opplevelse å få med seg solnedgangen herifrå. Bruker du dagen kan du under turen prøve fiskelukka både i Lisjerøfsdalen og Joledalen. Frå parkeringsplassen i Lundagjerde går eit godt synleg og merka rås vidare innover dalen. Råsa går med litt varierande stigning, omkransa av lav bjørkeskog. Når du er komen opp på Reset, vider Lisjerøfdalen seg ut og det er flatt innover til Lisjerøfsdalsvatnet. Her kan det vere litt myrete og våtsamt, men Syvde idrettslag har lagt ut flakar på dei våtaste partia. Frå murane etter Urhellom går råsa oppover mot Joledalen, godt synleg med blåmalte steinar og stikker innimellom. Her er det litt brattare enn lenger heime, men ein kjem fort opp i høgde og får ein flott utsikt over Lisjerøfsdalen. Over skoggrensa er råsa godt synleg heilt fram til Raudesteinen i Joledalen. Herifrå er det lyngmark og mange fjellvandrarar har gjordt at her er ei definert rås, og det er tydeleg merka med blåmalte steinar og stikker kvar ein skal gå. Terrenget har fin stigning oppover mot Lisjeblæjeskaret og brått har du utsikt over Røfsdalen og Syvde. Herifrå er det steinur til toppen. GPS koordinat finn du på www.morotur.no

Lisjeblæja byd også på flott skiterreng for dei som elskar toppturar, og ein skitur hit i måneskinn kan anbefalast. Flott nedkøyring til Lisjerøfsdalen.



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.