Blåfelden 820 m.o.h.

Postet av Syvde IL den 12. Aug 2015

Blåfelden 820 m.o.h.



Start på Hardbakken og følg råsa som er godt merka med blå maling og stikker. Ved hovedvegen er det godt skilta og det er same råsa som vert nytta til motbakkeløpet "Blåfelden rett opp". Ved vegen over Hardbakken finn du starten på råsa. Den stig bratt opp bjørkaskogen og når du er komen over skogen er det skilta rås til høgre mot Ivasætra. Råsa til Blåfelden forsett oppover ryggen "Stor- Remen" i tørr lyngmark før den vert brattare og meir steinete når du nærmar deg Eggja. Langs Eggja kan det for enkelte vere nokre luftige parti, men dei kan lett unngåast ved å gå eit par meter til sides for råsa i sida mot Taksetvatna. Frå Hardbakken og heilt til topps har du fin utsikt over Syvde og når du er komen opp på platået er du på turen sitt høgaste punkt 842 m.o.h. Her finn du ein vegvisar som peikar til høgre mot Svartetua, ein liten fjellknaus litt inn på platået. Går du til venstre fyl du råsa som vert brukt under Blåfelden Rett Opp, inntil du er komt til posten som er strategisk plassert med god utsikt til Syvde.




Utsikta frå Eggja.



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline