Vikehornet 709 m.o.h.

Postet av Syvde IL den 12. Aug 2015


Startpunkt er frå parkeringsplassen på Røfsdalsætra, følg vegvisar til Vikehornet 5 km. Det er same råsa som går til Blæjevatnet og den startar ovanfor hyttene, merka med blåmalte steinar og stikker. Kryssing av ei lita elv som kan vere stor etter kraftig regn. Råsa får god stigning etterkvart og du kjem raskt opp i høgde. Ved Tåbrothytta er det passeleg å puste ut, den brattaste kneika er over. 

Like etter Tåbrothytta står det skilt mot Vikehornet. Ruta kryssar på bru over Helgåa og held deretter fram langs nedsida av ei avrenningsgrøft som er laga i samband med bygging av elvekraftverk. På enden av avrenningsgrøfta går ruta opp ein bakke og deretter slakt utover mot Vikehornet. Råsa går i fin høgde med torrt underlag og er merka med blåmalte steinar og stikker utover mot Vikehornet. 

Her er stikrysset ovanfor hytta på Tåbrotet og ein ser grøftekanten ein skal gå på i venstre biletkant.


GPS fila til Vikehornet finn du her: http://morotur.no/Morotur/Turar/Vikehornet-rute-53C 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.