Skåranipa 776 m.o.h.

Postet av Syvde IL den 12. Aug 2015

Skåranipa 776 m.o.h.



Dei særprega Breiteigsfjella med Skåranipa nærast.



Parker på eine sida av vegen til kraftverkhuset. Gå fjellvegen til kraftverket i Skåradalen. Frå hytta ser du blåmalte stikker innover Skåradalen, følg merkinga innover dalen til du er komt forbi staden der elva frå Fossane møter Skåraelva. Kryss Skåraelva og følg stikker og blåmalte trestammer oppover mot ryggen til høgre for Fossane. Her er synleg rås langs ryggen og vidare i nesten flatt terreng ut mot Skåranipa.



NB: Når du endelig er på Skåranipa bør du ta ein avstikkar utover mot Breiteigsfjella og oppleve den spektakulære Høystakken!



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.