Ulvenakken

Postet av Syvde IL den 12. Aug 2015

Ulvenakken




Råsa har tilkomst frå gardane på Opsal og Sætre, men for å sleppe å gå over dyrka mark startar ein frå grustaket i Røda. Det er skilta mot Ulvenakken på den gamle riksvegen utanfor elva i Røda. Etter å ha gått eit kort stykke i retning Grytdalen svigar ein av og går relativt vassrett over Bakkegjerdet der ein slo gras med stuttorv fram til rundt 1950, og vestover til støylsråsa opp Nausen. Starten av råsa er skilta, og råsa er godt rydda og merka fram til den gamle støylsråsa. Støylsråsa er tilrettelagd med trappetrinn enkelte stadar.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline