12 postar på ein dag.

Postet av Syvde IL den 26. Jul 2015



Terje Eikrem (49) og sonen Sigurd (20) presterte litt av ei fjellbragd i Syvdsfjella nyleg: I løpet av tjue timar tok dei alle dei tolv fjelltrimpostane Syvde IL har lagt ut, klauv fem toppar over 1.000 meter, og på den seks mil lange turen kunne dei notere seg for ei høgdestigning tilsvarande eit 4.000 meter høgt fjell.


Klokka fem om morgonen fredag 26. juli 2013 tok dei fatt på turen, som skulle bringe dei innom alle 12 postane i Fjelltrimmen til Syvde IL, og alle registreringane skulle vere på same dato. Det var ein fin sommardag, faktisk ein av dei varmaste dagane denne sommaren.

Terje har i fleire år fantasert om å besøke alle postane på same dato og det var nok eit strek i regnestykket at idrettslaget etablerte ny post på Ulvenakken. Det gjorde sitt til at turen var forlenga med nærare 3 timar. Frå Ulvenakken gikk turen over myrane til Trygesteinen- Høgenipa (1097)- Tennevatnet og ned på anleggsvegen som gå opp til demninga i Kvanndalen. På Nordalsfjellet har familien hytte og her venta mor Åse med lunsj og torre sko.

Etter energipåfyll gikk turen vidare til Sandfjelltua (1002), den andre toppen over 1000 meter, herifrå er det ein bratt stigning til Myrkevasstinden (1131) og like bratt nedatt i Blæjeskaret før dei kunne sjå utover verda frå Blæja (1142), det høgaste fjellet i Vanylven. No venta Blæjegga og turen bortover mot Lisjeblæja (1032) vart varm, lufta sto stille og dirra i solsteiken. Herifrå vart dei vitne til eit formidabelt torever i Nordfjord, himmelen var svart og lyna flerra himmelen. Dei frykta at toreveret skulle kome deira veg og øydelegge forsøket, men heldigvis vart det med ein lett regnskur i området ved Vassdalsbu. Frå Vorskår og fram til Vassdalsbu er det ikkje god rås og området kan med rette kallast eit moras og kleggen var blodtørstig og gjorde tilværelsen utriveleg for ekspedisjonen. Får Vassdalsbu til Bjørnen fekk dei problem med å finne råsa og havna for langt vest i forhold til posten på Bjørnen. Her tapte dei verdifull tid og dei starta å tvile på om dei i heile tatt skulle klare Svartetua innen midnatt. Frå Bjørnen jogga dei ned til Utsikten Fjellkro og her gikk Terje på ein smell:
"Eg fekk meg ein alvorleg dett før siste etappe. Men etter cola og sjokolade som eg fekk med Sigurd, gjekk eg som ein general..."

Dei vart observerte på Fuglehaudet kl 22.53 og det var ikkje tid til å nyte utsikta, full fart vidare ned i Nonskaret og vidare opp den seige bakken til Svartetua .... kl. 23.30.

Turen ned frå Svartetua er det mange som kjenner til ifrå motbakkeløpet "Blåfelden rett opp", den er bratt og tøff for knea. Den vert ikkje enklare etter å ha gått heile dagen og i mørkret, kun med lyset frå ein mobiltelefon.... kl 01.00 hadde dei endeleg asfalt under beina igjen.




Her er ruta inntegna med namn og høgde på dei 12 postane. Ill: John Willy Klungre.




Slik ser føtene til ein ekspedisjonsdeltakar ut, som har gått i Syvdsalpane i 20 timar, gått seks mil, klatra 4000 høgdemeter, og som forståeleg nok gikk som ei gamal kjerring dagen etter.

Turen vart omtala i Sunnmørsposten med ei heilside og tilsvarande i Synste Møre. Vi bøyer oss i lyngen i respekt og takker for god reklame for Fjelltrimmen og Syvdsalpane.

Alle foto: Åse Nordal Eikrem.



Sigurd og Terje Eikrem sette verdensrekord sommaren 2013 då dei besøkte alle postane på ein dag. Denne bragda vart omtala i aviser og Sunnmørsposten spanderte ei heilside med mykje god Syvdereklame. For denne bragda fekk karane Fjelltrimmens hederspris: Den gyldne fjellstøvel str.39.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.