Blåfelden Rett Opp 2019 med ny løyperekord.

Postet av Syvde IL den 10. Jun 2019

Fin sommardag 8. juni på Blåfelden Rett Opp 2019 med god deltaking,både i mosjon ( 163 )  og konkurranse (60). Johanna Åstrøm, Dynafit  imponerte alle med ny løperekord på 42:51 og kom på andre plass totalt.  Andreas Skylstad, Norangsdal IL knuste alle konkurrentar med 40:02.

Glade vinnerar av Blåfelden Rett Opp 2019. Foto John Willy Klungre.

Johanna Åstrøm, Dynafit frå Sverige får her det synlige beviset på ny løyperekord av Blåfeldgeneral Atle Midtbø. Foto Sølvi Midtbø.


RESULTATER BLÅFELDEN RETT OPP 2019:


Mosjon 2019.pdf

lag 2019 (1).pdf

Resultat Blåfelden Rett Opp 2019 Klasse.pdf

Resultat Blåfelden Rett Opp 2019 kvinner og menn.pdf

Resultat Blåfelden Rett Opp 2019 samla resultat..pdf


smp.no skriver på si nettside: 

Fjorårsvinnaren Johanna Åström frå Dynafit og Sverige var den som imponerte mest av alle i den ellevte utgåva av Blåfelden Rett Opp. Med tida 42.51 sette ho både løyperekord og kom i mål før 49 av 50 menn i det fine sommarvêret. May Britt Buer hadde den gamle rekorden med 43.50 som vart sett i 2014 under svært gode forhold, så ei rekordforbetring med eit knapt minutt er sterkt.

 

Merete Helgheim og Therese Sjursen. Foto: Fredrik Midtbø

Therese Sjursen frå BFG Bergen Løpeklubb som har fullført på 45.55 tidlegare, kom på andreplass med 50.16. Ho var ikkje fornøgd med sluttida, og meinte at høg temperatur var det største problemet for henne. Merete Helgheim frå Førde IL – friidrett som har vunne Blåfelden Rett Opp flest gonger, og også delteke i 9 av 11 løp vart nummer 3 med 51.31. Ho har si bestetid frå 2014 med 46.18.

 

Andreas Skylstad frå Norangdal IL vann klassen for menn på tida 40.02. Det er 25 sekund betre enn tida han fekk andreplass med i 2018 etter Thorbjørn Ludvigsen frå Varegg som då sette løyperekord med 35.48. Nøyaktig 3 minutt bak Andreas Skylstad kom vinnaren frå 2016, Sigve Fredrik Høydahl, frå Bærums Verk inn til andreplass. Nummer 3 av mennene vart Sverre Nesdal Aske frå Fjellhug Vereide IL med tida 43.20.

Nr 1 og ny løyperord Johanna Åstrøm, nr. 2 Therese Sjursen, nr. 3 Merete Helgheim

Lagkonkurransen 2019, Nr. 1 Røverane, nr. 2 Team Pjask, nr. 3 Vanylven FK G16


Team Blåfelden på veg til toppen i morgontimane med tidtakerutstyret. Foto Atle Midtbø 

Temperaturen i år var ikkje fullt så høg som i fjor, og løparane var og fornøgd med ein tørr og fin løpstrase. Blåfeldgeneral Atle Midtbø frå arrangørklubben Syvde IL seier seg godt nøgd med 2019 utgåva av Blåfelden Rett Opp. Grunna flytting av løpet frå første til andre helga i juni vart det diverre kollisjon med andre løpsarrangement, og ifølgje Midtbø er nok det grunnen til at det i år vart litt færre deltakarar enn i rekordåret 2018.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline