Tidleg sesongstart på Øverberg
Postet av Syvde IL den 29. Nov 2017

Rikeleg med snø ved Vassdalsbu Foto: Sølvi Midtbø
Det fine veret siste tida med snø i høgda har gjordt det muleg for oss å preparere løyper innover mot Vassdalsbu og over Vareggja. Som vi ser av bileta vi har fått låne av Sølvi Midtbø var det magisk stemning på fjellet. Vi har dessverre ikkje mange slike fine dagar, men vi prøver å preparere løyper når forholda tillet det. Informasjon om når vi køyrer løyper finn du på Syvde Idrettslag si Facebook side, som du enkelt finn på nettsida vår. Vi håper på mange slike fine dagar utover vinteren og ynskjer alle ein fin tur i løypene på Øverberg.

0 Kommentar
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Syvde IL

Premiering Fjelltrimmen 2019
09.11.2019

Fjelltrimmen med ny trimpost
20.09.2019

Spreke Birkebeinera frå Syvde IL
03.09.2019

Blåfelden Rett Opp 2019 med ny løyperekord.
10.06.2019

Sparebanken Møre Motbakkecup 2019
05.05.2019

EQ timing på Blåfelden
28.04.2019